Kva veit forvaltninga om spreiing av miljøgifter som følgje av klimaendringar?

Notat
Id:
2017-4

Vestlandsforsking har gjort ei kvalitativ analyse av 31 norske og EU policy-dokument innan ureining, vassforvaltning og klimatilpassing, for å finne ut kva kunnskap forvaltninga har og formidlar om spreiing av miljøgifter som følgje av klimaendringar. Dokumentanalysen vart gjennomført i perioden november 2016 – februar 2017, og baserer seg på policy-dokument som var gjort offentleg fram til analysen vart avslutta 1.februar 2017. Vi fann at 16 av dei 31 dokumenta hadde ein eller fleire tekstlege koplingar mellom klimaendringar og utslepp av/endra toksisitet av miljøgifter. Ser vi samla på dei norske og europiske policy-dokumenta, viser analysen vår at problemstillinga generelt er lite omtalt og vektlagt. Ein hovudkonklusjon er at kunnskapshola og forskingsbehovet rundt effektar av klimaendringar på utslepp og toksisitet av miljøgifter er betydeleg, då det nettopp er behovet for meir kunnskap og forsking som vert omtalt i ulike policy-dokument frå ulike forvaltningsorgan.