Kartlegging av kunnskap, forvaltningspraksis og rettleiingsbehov om lokale kjelder til miljøgifter, vassforvaltning og klimatilpassing i kommunane. Del 2: Casestudie

Notat
Id:
2017-6

Vestlandsforsking har gjennomført eit casestudie eller ei djupneundersøking av kommunane Stryn og Flora i Sogn og Fjordane og Odda kommune i Hordaland om korleis dei arbeider med og integrerer arbeidet med klimatilpassing, vassforvaltning og ureining. Casestudiet vart gjennomført i perioden 20.april – 3.mai 2017. 

Vi fann totalt 32 nye lokalitetar med mistanke om ureina grunn og som ikkje var registrert i GRUNNFORURENSING i Stryn, 40 i Flora og 21 i Odda, gjennom samarbeid med kommunen, Fylkesmannen og fylkeskommunen. Dei nye kjeldene var t.d. skytebaner, gamle deponi/villfyllingar, gartneri/planteskular, bilverkstader, avfallsstasjonar, stolpelager, bensinstasjonar, båtbyggjeri, småbåthamner 

I ein forenkla risikoanalyse av utslepp av miljøgifter frå ureina lokalitetar i dei tre kommunane fann vi at 3/7 lokalitetar i Stryn hadde middels risiko, 2/2 fekk middels risiko i Flora og 1/4 fekk middels risiko 1/4 fekk høg risiko i Odda. Det er steinsprang, jordras og flaum som aukar risiko for lekkasje av miljøgifter frå ureina grunn i Odda og Stryn. I Flora er det havnivåstigning og intense nedbørsperiodar. 

Kommunane seier dei stort sett har godt samarbeid med overordna myndigheit, men dei ber om fleire kurs og meir spissa rettleiing på fagområda. Alle kommunane seier dei treng meir ressursar og fleire stillingar til å få meir tid til fagleg fordjuping og gjennomføre arbeidsoppgåvene sine innan vassforvaltning, klimatilpassing og ureining