Utkast til rammeverk for risikoanalyse av utlekking av miljøgifter frå ureina lokalitetar som følgje av klimaendringar

Notat
Id:
2016-1

Notatet er i sin heilheit basert på ei semesteroppgåve i faget Risikoanalyse ved Universitetet i Stavanger hausten 2016. Oppgåva drøftar korleis ei risikoanalyse for lekkasje av miljøgifter frå ureina lokalitetar som følgje av klimaendringar kan gjennomførast, og korleis usikkerheit i risikoanalysen kan handterast.

Det teoretiske grunnlaget for analyse av risiko og «state of the art» innan risikoanalyse av miljørisiko av klimarelaterte årsaker er blitt drøfta. På grunnlag av denne gjennomgangen er det laga eit utkast til rammeverk for å gjennomføre ei  risikoanalyse av utlekking av miljøgifter frå ureina lokalitetar som følgje av klimaendringar. Rammeverket vil bli brukt for å gjennomføre risikoanalyse i pilotkommunar i forskingsprosjektet «Førebygging av toksiske effekter av klimaendringar på Vestlandet» våren 2017.

Gjennomgangen av risikoanalyser for miljørisiko av klimarelaterte årsaker i oppgåva, viser at synet på risiko og handtering av usikkerheit er vektlagt noko ulikt. Men, det verkar til at det tradisjonelle synet på risiko, der risiko er gitt ved produktet av sannsynlegheit og konsekvens, er på vikande front. For utføring av risikoanalyse for lekkasje av miljøgifter frå ureina lokalitetar som følgje av klimaendringar, vil det bli lagt til grunn den utvida risikoforståinga som vi finn i DSB  sin rettleiar for heilheitleg ROS i kommunen frå 2014, som baserer seg m.a. på Aven et. al 2008.

Det er viktig å kunne kontrollere og styre risikoen for utlekking av miljøgifter frå ureina lokalitetar i eit endra klima, slik at vi kan unngå akutte eller langtidsskader på miljøet, organismar og menneske i framtida. Det er viktig å utvikle verktøy som kan gje støtte til å ta avgjersler om forhold det knyter seg betydeleg usikkerheit til, fordi det vil verke inn på ei berekraftig utvikling av samfunnet. Risikoanalyse for lekkasje av miljøgifter frå ureina lokalitetar som følgje av klimaendringar vil kunne vere eit slikt verktøy.