Norsk reiseliv vil bli påverka av klimaendringane i åra framover, men òg av ein strengare klimapolitikk. – Likevel har næringa ingen felles strategi for korleis dei skal møte endringane, seier seniorforskar Eivind Brendehaug ved Vestlandsforsking.
Vestlandsforsking har vore med i arbeidet med etablering av Vitensenteret i Sogn og Fjordane heilt frå idéfasen og vert no ein av eigarane av senteret. Vestlandsforsking kjøper 23 aksjar for totalt 230 000 kroner.
I denne rapporten ser ein på kva verknad klimaendringar kan få for skianlegga rundt omkring i Norge. Rapporten er i to deler: først arbeidet med å lage framskrivingar av snøforhold for norske skianlegg og resultat frå desse, så ein del der sju utvalde anlegg er intervjua om klimatilpassingstiltak.
Eid vidaregåande skule, Stårheim skule, Eid ungdomsskule og Vestlandsforsking ønskjer å teste ut ein ny samarbeidsmodell for å få fleire jenter interessert i IKT og programmering.
Kyrre Groven ved Vestlandsforsking disputerer fredag 15. desember ved NTNU i Trondheim. Tittelen på avhandlinga er «Kommunane og klimautfordringa. Ein studie av lokal klimagovernance i Norge».
Forskingsmiljøa ved HVL og Vestlandsforsking er tildelte opp mot 28 millionar i støtte frå Forskingsrådet til eit prosjekt om digitalisering, automatisering, robotikk og stordata.
Skidestinasjonar vil møte større utfordringar i åra framover som følgje av klimaendringane, viser ein ny studie utført av fleire leiande reiselivsforskarar.
Nyttar du topptrimmen til Kaupanger idrettslag? Då ynskjer Vestlandsforsking at du deltek i undersøkinga om korleis du brukar skog og fjell på Kaupanger.
Hans Jakob Walnum er intervjua i det siste nummeret av tidsskriftet New Scientist. Walnum blei intervjua på bakgrunn av det forskingsarbeidet Vestlandsforsking har gjort om godstransport på veg.
Driv du med stisykling? Kva er du oppteken av i valet av sti: naturlege stiar, motoriske utfordringar, naturopplevingar eller er det andre faktorar som bestemmer kor du vil sykle?
Korleis fremje språkutvikling gjennom IKT? Korleis få koding inn i skulen? IT-forum samlar krefter frå fylket og nabofylka til konferanse om bruk av IKT i oppvekst og utdanning 22.-23. november.
Hvordan kan norske byer bidra til å redusere utslipp i transportsektoren? Det var tema for seminaret som Vestlandsforsking og CenSES i samarbeid med CICERO inviterte til denne uka.
Vestlandsforsking samla denne veka forskarar frå USA, Japan, Hong Kong og Noreg i Bergen for å diskutere korleis big data kan brukast til å handtere naudsituasjonar.
Vestlandsforsking skal koordinere eit nytt europeisk forskingsprosjekt som skal sjå på korleis big data kan forbetre transportsystema. Denne veka var det «kick-off» for prosjektet i Brussel.
Ingen har oversikt over dei små og mellomstore giftlagera som finst i alle norske kommunar. Med meir nedbør, flaum og skred fryktar forskarar at gifta blir spreidd ut i naturen.
Ein delegasjon frå Litauen har vore i fylket for å sjå korleis vi arbeider med klimaendringane sin verknad på biologisk mangfald og økosystem. Studieturen er del av eit internasjonalt prosjekt der Vestlandsforsking og Sogn og Fjordane Fylkeskommune deltek.
Trolltunga, Preikestolen og Kjerag trekkjer fleire hundre tusen menneske til fjells. Det skapar nye problemstillingar for lokalsamfunna, mellom anna når det gjeld tryggleik.
EU-nettverk for Sogn og Fjordane inviterer til Horisont 2020 prosjektverkstad torsdag 26. oktober på Kaupanger. Forskningsrådet deltek med tre rådgjevarar og du møter Segel AS, Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking.