Reiselivskonferansen "Frå bre til hav" 2017

""
Frå venstre: Ivar Petter Grøtte og Ida Marie Gildestad

Alle kundane deira er på nett. Korleis kan reiselivet til passe seg, vere til stades og bli så synlege som mogleg i digitale kanalar?

Aktuelt

Digitalisering og berekraft var tema på den store reiselivskonferansen Fjordane frå bre til hav i Sogndal 1. og 2. november. Konferansen var staden å vere for reiselivsverksemder og andre med interesser i reiselivet, som ønskjer å bli meir synlege digitalt og lære om berekraft i praksis.

Vestlandsforsking deltok med to innlegg. Ivar Petter Grøtte ga tips om korleis reiselivet kan tilpasse seg den nye kundemakta på nett, og Ida Marie Gildestad presenterte eit arbeid om korleis vintersportsdestinasjonar kan tilpasse seg endra snøforhold i tida som kjem.

Begge forskingsprosjekta er utført under Strategisk forskingsprogram for innovasjon og verdiskaping i reiselivet starta opp sommaren 2014 og skal i første omgang gå fram til 2019. Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune, Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, FoU-institusjonar, bankar og reiselivsaktørar i fylket som har gått saman om satsinga. Målet er at forskingsprogrammet skal sørgje for at det er eit konkurransefortrinn for reiselivsnæringa å ha forskingsmiljø på internasjonalt nivå i nærleiken.

Ove Oklevik ved Høgskulen i Sogn og Fjordane haldt innlegget «Miljø-, image- og designeffektar på Nærøyfjorden: Ein studie av internasjonale turistar si oppfatning av fjordcruisebåtar». Dette er òg eit arbeid på forskingsprogrammet for reiseliv.

Oppslag i media:

Porten, 3.11.2017:  Snøen i Sogn vil tåle klimaendringane