Frå Litauen til Sogn og Fjordane for å lære om klimatilpassing

"Nigardsbreen"
Frå Nigardsbreen. Foto: Maria C. Knagenhjelm

Ein delegasjon frå Litauen har vore i fylket for å sjå korleis vi arbeider med klimaendringane sin verknad på biologisk mangfald og økosystem. Studieturen er del av eit internasjonalt prosjekt der Vestlandsforsking og Sogn og Fjordane Fylkeskommune deltek.

Aktuelt

Fleire enn 20 fagfolk, mellom anna representantar frå Miljøverndepartementet i Litauen og Vytautas Magnus University, var gjennom eit rikhaldig program i fylket under eit to-dagar langt besøk i oktober.

Samarbeid om effekt av klimaendringar

Målet med prosjektet er å styrke samarbeid, utveksle erfaringar og bygge kompetanse på klimaendringar sin effekt på biologisk mangfald og økosystem. Dei besøkande fekk presentasjonar både frå fylkeskommunen, Fylkesmannen, Distriktssenteret, Jostedalsbreen nasjonalpark, Breheimsenteret og Vestlandsforsking. Dei vitja og Bremuseet i Fjærland og Lærdal grønt. Representantane deltok i arbeidsseminar og feltstudiar, og dei fekk innsikt i korleis vi arbeider med biodiversitet og klimatilpassing på regionalt nivå.

 - Delegasjonen viste stor interesse for korleis det vert arbeidd med klimatilpassing her heime og tek med seg ny lærdom til Litauen etter besøket, seier direktør i Vestlandsforsking Merete Lunde. Dei fekk sjå Bøyabreen og var på synfaring til Nigardsbreen i følgje med nasjonalparkforvaltar Maria C. Knagenhjelm.

Organisering og partnarar

Prosjektleiar for det internasjonale prosjektet er Dr. Rimantas Dapkus ved Lithuanian Regional Research Institute, eit forskingsinstitutt som Vestlandsforsking og fylkeskommunen har hatt samarbeid med i over 10 år. Prosjektsamarbeidspartnarar i Sogn og Fjordane er Vestlandsforsking og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Det er Arne Monrad Johnsen i fylkeskommunen som har organisert og vore ansvarleg for gjennomføring av besøket. Vestlandsforsking har bidrege med kunnskap om klimatilpassing ved forskingsleiar Carlo Aall, og Ivar Petter Grøtte tok dei med på synfaring i Lærdal. Internasjonale partnarar er Vytautas Magnus University og Miljøverndepartementet i Litauen.

Prosjektet er finansiert av EEA Grants (EØS-midlar), og har tittelen: “Participation of the Vytautas Magnus University, State Service for Protected Areas under the Lithuanian Ministry of Environment and Western Norway Research Institute (Vestlandsforsking) in organized monitoring methodology events and organization of study events on the impact of climate change on biodiversity and ecosystems”.

Norge bidreg saman med Island og Liechtenstein til sosial og økonomisk utjamning i EØS-området. I tillegg til at støtta vert gitt til EU-land med svakast økonomi, er styrking av samarbeid mellom Norge og mottakarlanda eit viktig formål. Les meir på Regjeringa.no om EEA Grants og Norway Grants, som til saman utgjer EØS-midlane her: https://www.regjeringen.no/no/tema/europapolitikk/eos-midlene/id115262/