Bruk av big data for å utvikle framtidas transportsystem

LeMO kick-off
Prosjektet hadde oppstartsmøte i Brüssel denne veka, med representantar frå dei fem partnarane frå Tyskland, Storbritannia, Belgia, Nederland og Noreg.

Vestlandsforsking skal koordinere eit nytt europeisk forskingsprosjekt som skal sjå på korleis big data kan forbetre transportsystema. Denne veka var det «kick-off» for prosjektet i Brussel.

EU har nyleg gitt finansiering gjennom det prestisjefylte forsking- og innovasjonsprogrammet Horisont 2020 til eit forskingsprosjekt som skal leiast av Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking. I EU-prosjektet LeMO vil forskarane studere korleis big data kan brukast i utviklinga av framtidas transportsystem og bidra til ein konkurransedyktig og berekraftig europeisk transportsektor. Målet er meir sikker, effektiv og berekraftig transport.

Bruk av big data i transportsektoren

– Det finst enorme mengder relevante data som kan brukast til å føreseie kvar det er størst behov for kollektivtransport eller korleis syklistane vil oppføre seg på nye sykkelvegar. Sanntidsinformasjon kan også fortelje oss kva vegar som er stengde på grunn av uvêr og kvar det er ledige parkeringsplassar, seier prosjektkoordinator Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking.

Prosjektet med tittelen «Leveraging Big Data for Managing Transport Operations» (LeMO) har fått løyvt 1,4 millionar euro og skal gå over tre år. Prosjektet skal ha sju case-studiar og kome med konkrete forslag til korleis transportsektoren kan utnytte moglegheitene som ligg i big data.

Kick-off i Brüssel 7. november

Prosjektet hadde oppstartsmøte i Brussel tysdag 7. november med 15 prosjektdeltakarar frå dei fem internasjonale samarbeidspartnarane. Dei er frå Tyskland, England, Belgia, Nederland og Norge. Prosjektleiar frå EU-kommisjonen, Filipa Vieira Matias, deltok òg. Dagen vart nytta til å lage strategiar og planlegge gjennomføringa av forskingsarbeidet. Møtet vart leia av Akerkar.

– Transportsektoren har store utfordringar, men stordata gjev mange spennande moglegheiter. Vi skal kartlegge data som ein ressurs på europeisk og internasjonal nivå, og undersøke kor data oppstår, kor den flyt og kor den vert handsama, seier han.

Fem dimensjonar vil bli undersøkt: transportmiddel, sektor, teknologi, politikk og evaluering. Personvern, datasikkerheit og juridiske aspekt vil også bli sett på agendaen for å legge grunnlag for eit juridisk rammeverk for innsamling og bruk av big data i transportsektoren.

Prosjektet skal ende opp i ein plan som ser på behova og utfordringane til vitskap, industri, styresmakter og innbyggjarar, samt ei styringsgruppe som skal byggje vidare på resultata.

Organisering og partnarar

Horisont 2020 er verdas største forskingsprogram med 80 milliardar euro fordelt på sju år. LeMO er finansiert av EU under avtalenummer 770038. Koordinator er Vestlandsforsking, Norge. Internasjonale samarbeidspartnarar er Johan Wolfgang Goethe-Universität i Frankfurt, Tyskland, den belgiske samanslutninga av transportorganisasjonar, Corte, det internasjonale advokatfirmaet Bird & Bird, UK, og forskingsinstituttet Panteia, Nederland.

Les meir om prosjektet på LeMO si nettside, eller kontakt koordinator for prosjektet Rajendra Akerkar