Prosjektet «Innovation in rural places – conditions and barriers» skal undersøke dynamikken i dei innovative miljø i Sogn og Fjordane, ein region karakterisert av spreidd busetnad, ingen store byar, men mange små tettstader.

Eiga prosjektside for prosjektet

Regionen har mange utfordringar: ein flyttestraum som fører til at unge i aldersgruppa 20–40 flytter meir ut enn inn, eit næringsliv med ei samansetting som gir dårleg lønsemd og lågt lønsnivå og ein arbeidsstyrke med relativt lågt utdanningsnivå.

Problemstilling
Forskingsspørsmålet vårt er: Gjeld dei rådande teoriane for innova¬sjonar i eit ruralt område som Sogn og Fjordane?
Forskingsprosjektet skal undersøke kva slags innovasjonssystem vi har i regionen og dei koplingane som finnes innafor systemet og til eksterne kunnskapsorganisasjonar, evna til å mobilisere og oppretthalde aktiviteten i system, og å forstå dynamikken mellom aktørane i systemet.

Metode og empiri
Prosjektet skal bruke både kvalitative og kvantitative metodar, med hovudtyngde på kvalitative metodar. Vi har ei brei tilnærming til forskningsspørsmålet vårt med element av Grounded Theory. For å følgje dei relevante samarbeidsarenaer i fylket skal vi bruke følgje¬forsking og aksjonsforsking.
Empiri frå Sogn og Fjordane skal drøftast i forhold til eit utval teoriar for å finne grunnar til at ulike innovasjonssamarbeid fungerer godt eller dårleg. På det viset bygger ein kunnskap for og om Sogn og Fjordane. Dette kan gi grunnlag for ein vidareutvikla rural innovasjonsteori som igjen kan gi grunnlag for politikk-utforming nasjonalt, men for VRI Sogn og Fjordane er det dei regionale implikasjonane som er vesentlige. Når vi har betre kunnskap om Sogn og Fjordane vil det kunne påverke korleis vi arbeider i VRI Sogn og Fjordane og korleis partnarskapen utformar innovasjonspolitikk i framtida.

Prosjektteam

Prosjektleiar: Dr. Ingjerd Skogseid, Vestlandsforsking
Telefon: 916 96 016 ingjerd.skogseid@vestforsk.no

Jon Gunnar Nesse, Høgskulen i Sogn og Fjordane
Tlf. 402 24 296 jon.nesse@hisf.no

Ove Oklevik, Høgskulen i Sogn og Fjordane
Tlf. 57 67 63 23 ove.oklevik@hisf.no

Torbjørn Aarethun, Høgskulen i Sogn og Fjordane
Tlf. 57 67 63 22 torbjorn.aarethun@hisf.no

Kontaktperson samhandlingsprosjekt
Prosjektleiar Jøril Hovland
Telefon: 482 19 780
joeril@kpsf.no




Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Norges forskningsråd, Sogn og Fjordane fylkeskommune
I samarbeid med:
Høgskulen i Sogn og Fjordane
Prosjektnummer:
6235
Aktuelt:
  • Aktuelt
    ""

    Boka Innovasjonsøkosystem gir læring om korleis eit distriktsområde kan utnytte ressursar og mulegheiter til å skape verdiar som gir grunnlag for å bu og arbeide der. Vestlandsforsking bidreg i seks kapittel i boka.

  • Korleis legge eit best muleg grunnlag for innovasjon i eit ruralt samfunn som Sogn og Fjordane? I forskingsprosjektet «Innovation in rural places» har Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane studert korleis det vert jobba med innovasjon i nettverk i Sogn og Fjordane der både offentleg forvaltning, næringslivet og forskings- og utviklingsinstitusjonar (FoU) deltek.

  • Skei hotel 16. oktober 10.00 - 15.15

  • Presentasjonar frå seminar arr. i Sogndal 14. juni.

  • Rekruttering av arbeidskraft er hovudtema når Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane inviterer til seminar om innovasjon og innovasjonssystem i Sogn og Fjordane i samarbeid med VRI Møre og Romsdal.

  • Eit fylke med uendelege muligheiter, rikt på naturgitte føresetnader, med elevar som presterer best i skuleverket og som så søker høgare utdanning og spennande arbeidsplassar i næringslivet. Klarer vi nytte dei ressursane vi har til det beste? Kva ramme er det for innovasjon i grisgrendte fylke som Sogn og Fjordane? Korleis arbeider vi med innovasjon? Er ungdommen motivert for å arbeide og bu her?