Innovasjon i Sogn og Fjordane - vilkår og barrierar. Dokumentasjonsrapport

Rapport
Id:
2014-3

Redaktørar: Jon Gunnar Nesse, Ingjerd Skogseid, Kristine Skarbø, Øyvind Heimset Larsen

Høgskulen i Sogn og Fjordane: Jon Gunnar Nesse, Kristin Løseth, Torbjørn Årethun, Ove Oklevik, Dag Myrvang, Linda Kristiansen, Bharat P. Bhatta

Vestlandsforsking: Ingjerd Skogseid, Øyvind Heimset Larsen, Kristine Skarbø, Frida Ekström, Guttorm Flatabø, Anja Sire, Geir Liavåg Strand

Samandrag:

Sogn og Fjordane scorar lågt samanlikna med andre norske regionar på mange innovasjons-indikatorar. Dette prosjektet kom i stand for å skape ny kunnskap som kan bidra til å styrke innovasjonsaktiviteten i fylket. Hovudmålet til prosjektet er å få innsikt i innovasjonssystemet i det rurale fylket Sogn og Fjordane.

Data er samla inn gjennom ei brei nettverkskartlegging, ei djupneundersøking av fem utvalde nettverk, ei spørjeundersøking mellom elevar i fylket sine vidaregåande skular, og via nettportalen Framtidsfylket, ei undersøking av økonomisk utvikling i bedrifter som har vore med i tre ulike bedriftsutviklingstiltak, og ei spesialbestilling til Statistisk sentralbyrå av data om inn- og utflytting frå fylket og bedriftsetableringar på eit nasjonalt nivå.

Resultata viser at både næringsliv, offentleg sektor, og FoU-miljø saman bidreg til innovasjonsarbeid i fylket. Men vi finn også ein del særtrekk for fylket: offentleg sektor spelar ei sterk og sentral rolle i mange innovative nettverk; FoU-miljøa spelar mindre roller, og er ofte små og spissa; og næringslivsaktørane er ofte så små at dei har lite ressursar å setje av til nettverksarbeid og langsiktig, strategisk planlegging. Dei undersøkte nettverka er prega av multipleksitet og nærleik mellom aktørane. Tiltak som vil styrke nettverks- og innovasjonsutvikling i fylket inkluderer oppretting av fungerande samarbeidsarenaer, læringsoverføring mellom nettverk og mellom bedrifter, forbetring i kjønns- og aldersbalanse, og utvikling og rekruttering av ny kompetanse.