Regionale utfordringar og mulegheiter - Innovasjon og verdiskaping i forretningsnettverk - VRI 3
RECIN skal bidra til VRI-programmet sitt mål ved å undersøke og skaffe kunnskap om korleis samhandling i ulike typar nettverk kan bidra til kunnskapsutvikling, innovasjon og verdiskaping for bedriftene. Vidare er målet å undersøke og auke kunnskapen om korleis offentleg finansierte nettverk/konstruksjonsprogram kan stimulere og legge til rette for nettverksbasert innovasjon. Forskinga vil fokusere på tre perspektiv:
- det globale/internasjonale perspektivet
- det regionale perspektivet
- bedriftsperspektikvet
Vi ser særleg etter likskapar og forskjellar mellom desse perspektiva og relasjonane mellom dei. Eit rammeverk for nettverksanalyse, nettverksbygging og nettverksbasert innovasjon vil bli testa gjennom empiriske undersøkingar. Det er prosjektet sitt mål å vidareutvikla og validere denne ramma som ein verdifull ressurs i eksisterande (regionale) innovasjonsnettverk. Empiriske undersøkingar vil bli gjennomført parallelt i ni ulike nettverk i fire ulike regionar i Norge: Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Rogaland og Østfold. Teoretiske bidrag er forventa knytt til nettverksbasert innovasjon generelt og korleis bevisst brubygging av ekstern og intern samhandling kan bidra til kunnskapsutvikling, innovasjon og verdiskaping for bedriftene. Vi forventar at funna har praktiske konsekvensar for nasjonal og regional politikk samt regional implementering av politikk. Det tverr-regionale og tverr-institusjonelle arbeidet i prosjektet vil og resultere i ein felles plattform for å utvikle sterkare nasjonale forskingsmiljø på tvers av institusjonsgrensene.
Prosjektet har sin eigen nettstad på vri-recin.no.
- Presentation04.11.2016