VRI står for Verkemidlar for regional Fou og innovasjon, og er Norges forskingsråd si særskilte satsing på forsking og innovasjon i norske regionar.  Programmet skal bidra til auka innovasjon og verdiskaping i regionalt næringsliv. Dette skal skje ved å stimulere til auka samhandling mellom FoU-institusjonar, bedrifter og regionale styresmakter.

Den første treårige prosjektperioden i VRI går ut no, og det må utarbeidast ein ny prosjektplan og søknad om nye forskingsmidlar innan september 2010.  Prosjektsøknadsprosessen skal omfatte temaområde reiseliv, marine næringar og fornybar energi. Internasjonalisering og offentleg sektor vert også vurdert.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Prosjektnummer:
6190
Prosjektleiar:
Publikasjon(ar):