I prosjektet SHIFT-PLASTICS skal vi sjå på handtering av plast i fiskeri og havbruk. Globalt slepper fiske- og havbrukssektoren ut ein stor mengde avfall, inkludert plast. I Norge viser studiar at plastavfall frå fiskeri- og havbrukssektoren utgjer det største mengda av plastavfall i havet. Plastforureining i havet har alvorlege konsekvensar for vårt naturlege miljø, spesielt påverkinga knytt til danninga av mikro- og nanoplast. Prosjektet skal sjå på dei mest komplekse utfordringane i avfallshandtering som fiskeri og havbruk står overfor som tauverk med stålkjerne og koparimpregnerte nøter, produkt der ulike materialar er kombinerte. Sju forskingsinstitusjonar er med, som har ekspertise innan teknologi, politikk og sirkulære verdikjeder, og heile 20 andre aktørar – utstyrsprodusentar, industripartnarar, gjenvinningsindustrien, offentlege partnarar og interesseorganisasjonar. Forskarane vil sjå på korleis ein teknologisk kan løyse utfordringar med problematisk plastutstyr, ved betre og meir optimale resirkuleringsløysningar, og å sjå på om bruk av nye materialar som bioplast kan nyttast. Forskarane vil vidare gå i djupna på korleis politikk og verkemiddel kan endre materialbruk, auke produktlengde, gjenbruk og resirkulering. For å lukkast med å endre praksis og å finne løysningar vil det vere eit tett samarbeid mellom forskarar, myndigheitsnivå, interesseorganisasjonar og industrielle partnarar. Gjennom samarbeidet vil prosjektet finne fram til produkt og løysningar som reduserer miljøpåverknad og som samtidig er økonomisk lønsame.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Norges forskningsråd
Prosjektnummer:
6601
Prosjektleiar:
Seniorforskar og gruppeleiar Klima og Miljø
Prosjektmedarbeidarar:
Aktuelt:
  • To ståande menn og ei kvinne som sit mellom dei. Den eine mannen klappar. Pent antrekk. Kontorlandskap.

    Vestlandsforsking fekk fredag 11. mars besøk av forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. Møtet var lagt opp for å gje statsråden innblikk i viktige satsingar og behov ved Vestlandsforsking. – Eg har veldig stor tru på det som går på klimatilpassing, sa ministeren.