Miljøforskarar fekk prøve plastrydding i Kinn

Plastrydding
Denne gjengen fekk prøve plastrydding i praksis frå galeasen "Loyal" i Kinn, med Fjordane Friluftsråd og Rydd Sogn og Fjordane som vertskap. Forskarane jobbar til dagleg med å redusere forbruket av plast i fiskeri- og havbruksnæringane, som står for ein stor del av plastforsøplinga i dag. Frå venstre: Hans Jakob Walnum, Madeleine Fisher, Christian Tjessem (Fjordane Friluftsråd/Rydd Sogn og Fjordane), Joaquin Zenteno Hopp og Daniel Furberg. Foto: Bror K. R. Tandberg

Forskarar frå prosjektet Shift-Plastics fekk nyleg vere med Rydd Sogn og Fjordane på strandrydding langs kysten utanfor Florø. Blant dei som deltok var trainee Bror Kristian R. Tandberg og bachelorstudent Madeleine Fisher frå Canada, som hospiterte ved Vestlandsforsking i haust.

Plastryddinga gjekk føre seg på skuta «Loyal», verdas eldste galeas som framleis er i bruk. Forskarane frå Sogndal som deltok i plastryddinga, har for tida har eit større forskingsprosjekt om resirkulering av plast frå fiskeri og havbruk, og ønskte å sjå med eigne auge korleis den strabasiøse strandryddinga går føre seg.

I Florø blei dei tekne imot av Christian Tjessem, prosjektleiar i Rydd Sogn og Fjordane, eit initiativ leia av Fjordane Friluftsråd. Dei ryddar jamleg fjøra frå Stad i nord til Solund i sør, og var akkurat denne dagen på rydding i Kinn.

Til plastrydding
Kvart år ryddar frivillige norskekysten for tonnevis med plast. Foto: Bror K. R. Tandberg

Tusen tonn i fjor

I 2022 deltok over 800 000 frivillige i denne forma for strandrydding over heile Noreg. Til saman rydda dei nesten 1000 tonn søppel langs norskekysten.

Ryddegjengen på «Loyal» tek med seg skuleelevar på alle alderstrinn for å spreie medvit om problema plasten skapar i havet. Då forskarane frå Shift-Plastics-prosjektet ved Vestlandsforsking var med, hadde skuta med elevar frå ein folkehøgskule.

– Vår fangst var av det meir moderate slaget, som er ei positivt når vi veit at dette området har vore rydda fleire gonger tidlegare, seier Bror Kristian R. Tandberg, som i år er trainee ved Vestlandsforsking. Sjølv om vêret var strålande denne dagen, fekk dei kjenne på kor vanskeleg det er å kome til mellom sleipe berg, grove steinar og tang.

– Det blei nemnt at «strandrydding» er eit nokså misvisande namn, for vi fekk kjenne på kor krevjande det er å rydde den steinete fjøra mange stader, seier Bror.

Fiskeri og havbruk bør gjenvinne meir

Mykje av det ein finn langs strendene er tauverk og anna som kjem ifrå fiskeri- og oppdrettsbaserte kjelder. Rolf-Ørjan Høgset i plastryddings-organisasjonen In the Same Boat anslår at fire femtedelar av plasten på norske strender stammar ifrå desse to kjeldene.

Trass i at fiskeri- og havbruksnæringa er rekna for å ha høg sirkularitet, blir berre ein tredel av plasten dei brukar i dag gjenvunnen, viser ein rapport frå Systemiq og Handelens miljøfond.

plastrydding hav
Seniorforskar Hans Jakob Walnum ryddar plast med den ikoniske silhuetten til øya Kinn i bakgrunnen. Foto: Bror K. R. Tandberg

Både fiskeribransjen og havbruksnæringa brukar mykje plast. For å levere eitt tonn fisk, brukar fiskeria ni kilo plast. Det tilsvarande talet for lakseoppdrett er 117 kilo plast for å produsere eitt tonn laks.

– Difor er det viktig å tenke innovativt i møte desse utfordringane, mellom anna få ned den fossilbaserte plastbruken og plastproduksjon, seier Hans Jakob Walnum, som er leiar for prosjektet Shift-Plastics og seniorforskar ved Vestlandsforsking. I dette fleirårige samarbeidet deltek ei rekkje store aktørar innan plastproduksjon, fiskeri og havbruk.

– Gjer vi alt rett, kan vi redusere mengda av ny produsert plast i næringa gjennom betre ordningar for innsamling og reparasjon og oppnå ei attvinningsgrad for plast i fiskeri og havbruk på over 80 prosent innan 2040.

Samanlikna med Canada

I tillegg til traineen frå miljøgruppa, var også bachelorstudent Madeleine Fisher med frå Vestlandsforsking. Ho kjem frå Canada og studerer til vanleg geografi og psykologi ved University of Northern British Columbia (UNBC). Dei siste to månadene har ho hospitert ved Vestlandsforsking ved hjelp av eit utviklingsstipend ho har valt å knyte til marine problemstillingar. Madeleine var med på rydding med «Loyal» i to dagar og overnatta om bord.

Madeleine ryddar
Den kanadiske studenten Madeleine Fisher på plastrydding i Kinn. Madeleine hospiterte ved Vestlandsforsking i Sogndal i to månader hausten 2023 for å få innblikk i forskarane sitt arbeid med å få til betre avfallshandtering og meir attvinning av plast i fiskeri- og havbruksnæringa og påverke utstyrsleverandørar til å velje eit design som gjer attvinning enklare. Foto: Bror K. R. Tandberg

Ho har òg samla inn data til Shift-Plastics-prosjektet om korleis heimlandet hennar jobbar med plastforsøpling og skrive ein rapport om handtering av fiskeri- og havbruksplast i Canada. Funna la ho nyleg fram på eit seminar i regi av Shift-Plastics i Oslo.

– Det var veldig verdifullt å få nærkontakt med eit tema eg før har jobba skriftleg med. Plastryddinga på Loyal er ei oppleving eg aldri vil gløyme, seier Madeleine.

– Eg har lært mykje om korleis Canada og Norge handterer problema med plastforsøpling i havet, og eg håpar og trur begge landa er på veg i rett retning.