Ein krig om vatn tende klimaengasjementet hans

Joaquin Hopp
I stillinga som forskar ved Vestlandsforsking har Joaquin Zenteno Hopp kontakt med aktørar i plastindustri, havbruk og fiskeri gjennom prosjektet Shift-Plastics, der meir plastgjenvinning er eitt av måla. På biletet frå oktober er han i Kinn for å delta i strandrydding med Fjordane Friluftsråd og Rydd Sogn og Fjordane. (Foto: Bror Kristian R. Tandberg)

Han har opplevd kva som kan skje når vatn blir ei mangelvare. Miljø- og samfunnsforskar Joaquin Zenteno Hopp vaks opp i Cochabamba i Bolivia, der innbyggjarane har kjempa for retten til reint vatn i ei årrekke, og der smeltande brear byr på ei usikker framtid.

Kampen om vatn i heimbyen hans vart ei oppvakning til miljø- og klimaproblema. Då Joaquin var 15, braut det ut opptøyar i Cochabamba i Bolivia, som ligg på 2570 meters høgde i Andes-fjella. Dei dramatiske vekene rundt tursenårsskiftet, seinare kalla «vasskrigen» i Cochabamba, gjorde sterkt inntrykk. Folk sprang gjennom gatene og protesterte, politiet slo attende. Mange vart skadde og minst ein demonstrant mista livet.

Raseriet hadde ei enkel forklaring: vatn var blitt dyrt. Ei pressa regjering hadde sett seg nøydd til å selje offentlege selskap. Slik enda vatnet i Cochabamba på amerikanske hender. Prisen skaut til vers, og snart måtte ein ut med like mykje for vatn som for mat. Folk tok til gatene i det som starta som ein fredeleg demonstrasjon, men enda i vald.

Caporal - Joaquin
Joaquin er ein habil utøvar av Caporales, ein boliviansk dansetradisjon som krev at dansarane har rikeleg med styrke, spenst og uthald. Framsyningane kan vare i mange timar.

– Dette var første gong eg tenkte at klimaendringar er verkelege, seier Joaquin, i dag forskar innan klima og miljø ved Vestlandsforsking.

Heller verdsborgar

Kampane i Cochabamba fekk store følgjer for boliviansk politikk og bidrog til at FNs hovudforsamling i 2010 slo fast at tilgang til reint vatn er ein menneskerett. Framleis manglar halvparten av innbyggarane i heimbyen hans tilgang til rennande vatn. I lys av det, er det nifst å tenke på kva som vil skje når breane i Andes smeltar og det blir mindre vatn til alle på heile det sør-amerikanske kontinentet.

– Eg skjønte at klimaendringar er eit globalt problem, ikkje berre nasjonalt. Samtidig innsåg eg at eg som menneske ønskte å vere ein verdsborgar, ikkje berre bolivianar, seier Joaquin.

Det har han sidan vist til gagns, gjennom å jobbe, studere eller bu i ulike delar av verda. Dei siste 20 åra har det blitt tolv land, medan han har reist til rundt femti.

Vurderte presteyrket

Etter å ha avtent verneplikta i det ultra-nasjonalistiske heimlandet, søkte han seg vekk frå Bolivia og ut i verda. Men kor skulle han reise? I Canada, nær grensa til Alaska, fekk han innpass ved eit kloster der dei utdanna paterar, eller katolske prestar. Planen var berre å bli i nokre månader for å bli betre i engelsk – ikkje å bli prest, men etter kvart leikte Joaquin med tanken. Han likte den rolege livsrytmen, med god tid til å lese og skrive. Heime var det dessutan mange som ville ha sett pris om han hadde valt eit liv i kyrkja.

Medan han var ved klosteret, søkte han på eit elitekurs kalla «Outward Bound» – eit slags lynkurs i å klare seg under ekstreme forhold. Det blei 92 beintøffe dagar. Kurset innebar å klare seg utan mat i fleire dagar og ta vanskelege avgjerder under kjenslemessig og fysisk press.

Tilbake på presteskulen var Joaquin usikker på kva han skulle gjere, men prestane tvinga ikkje gjennom noko val. I staden motiverte dei den unge gjesten sin til å reise og sjå seg rundt i Canada som ryggsekkturist og utstyrte han med pengar. Reisa hans varte i eit heilt år, og undervegs var han innom alle provinsane. Seinare heldt han fram med å tråkle seg sørover langs kontinentet, til USA, Mexico og Mellom-Amerika.

I Honduras fann han det han leitte etter, i skjeringspunktet mellom klosterdisiplin og studiar.

Agronom og ingeniør i eitt

Zamorano er Honduras sitt svar på Ås, eit spesialisert landbruks- og miljøuniversitet skipa for å utdanne unge i det regionen har bruk for. Joaquin ville bli ingeniør i sosio-økonomisk utvikling og miljø.

– Ideen er å skulle hjelpe fattige land i Latin-Amerika. Du skal til dømes bygge opp vassforsyning og legge til rette for matdyrking, forklarer han. For at fleire skal få råd, har dette universitetet ein spesiell vri, der dei deler tida si likt mellom studiar og fysisk arbeid med alt frå skogbrannførebygging til slakting og mjølking. For Joaquin var rammene tiltalande: Universitetet ligg i jungelen, langt frå folk, og minner mykje om eit kloster, med bygningar i kvit stein omgitt av velstelte hagar. Disiplinen er knallhard, på grensa til militær.

Santiago
Joaquin har besøkt til saman 50 land og budd i 12 land dei siste 20 åra. Her er han i Santiago, der 40 prosent av befolkninga i Chile bur.

– Du må opp klokka 5 og gå i uniform. Kvar kveld er det obligatorisk stilletid mellom sju og ni, og klokka ti må alle i seng, oppsummerer han. Etter boliviansk militær, det kanadiske klosteret og elitekurset Outward Bound var han klar for noko slikt. Og medan mange rauk ut i løpet av det første året, treivst han.

Kvinnelege entreprenørar, vasskonfliktar og avfall på Galapagos

Etter fire år var han uteksaminert og klar for å utforske yrkeslivet, som først baud på ei stilling i UNIFEM, FN sitt byrå for kvinnespørsmål i El Salvador. Jobben var risikofylt, og landet blant dei farlegaste i verda. Oppdraget var å ta seg fram langs smale stiar mellom små landsbyar på leiting etter kvinner som lagde tekstilar og smykke. Desse entreprenørane skulle Joaquin kartlegge og hjelpe med å bli meir synlege og selje meir.

I ein neste jobb arbeidde han med eit velkjent tema: vassforsyning. På oppdrag for eit kanadisk forskingsinstitutt reiste mellom åtte mellomamerikanske land for å kartlegge alle tenkelege konfliktar om rettigheitar til vatn. Det blei mange elvar og mange konfliktar.

Så venta Galapagos, der han jobba eit halvår med å kartlegge og analysere kva innbyggarane på øya produserte av avfall. Innsikta skulle brukast til å utvikle eit resirkuleringsprogram. Joaquin avla rapport til rådhuset og fekk betaling i naturalia, det vil seie tak over hovudet og mat på bordet.

– Eigentleg var eg innlosjert på eit lite hotell, men då det måtte stenge, var det berre eitt hotell att på øya som kunne ta meg. Det hadde fem stjerner, så eg hadde eit fint halvår, ler Joaquin.

To mastergradar

Den norske delen av livet til Joaquin starta på ei strand i Costa Rica, og han har budd i Noreg sidan den gongen. Han var i Costa Rica for å ta ein master ved UN University for Peace, som har campus i tre vidt ulike delar av verda. På masterprogrammet i klimasikkerheit fekk han forma interessa si for klimaendringar. Temaet for oppgåva var korleis urfolk som held til i området rundt Titicaca-sjøen i Peru og Bolivia, opplever klimaendringar.

I Norge gjekk han i gang med ein ny mastergrad ved Universitetet i Oslo, i skjeringspunktet mellom samfunn, vitskap, innovasjon og teknologi.

Sidan har han jobba ved Cicero Senter for klimaforskning, ved Senter for utvikling og miljø og Senter for teknologi, innovasjon og kultur (TIK) i tillegg til den internasjonale organisasjonen PWYP, som jobbar mot korrupsjon.

Illustrasjon
Joaquin har to barn som han ofte teiknar med på ettermiddagane. Ideen om å bruke teikningar i fagsamanheng, kom då den yngste spurde om det han teikna, var det han gjorde på jobben. Om denne teikninga, som heng saman med temaet for doktorgraden hans, seier Joaquin: "Den problematiserer hvordan forskjellige aktører kan være integrert i et system. Laksene i midten symboliserer innovasjonsprosjektene med fisk, mens musikantene symboliserer forskjellige aktører i innovasjonssystemet. Alle aktører og publikum har en mening, avhengig av hva de gjør i tegningen, hvordan de er kledd og hvor de står". Teikning: Joaquin Zenteno Hopp

Lukkast etter 32 søknader

Det har ikkje vore berre enkelt å kome til Europa med latin-amerikansk utdanning. Å ta ein mastergrad nummer to var ein måte å auke kompetansen sin på, men òg eit produkt av eit tungrodd godkjenningssystem.

Ein gong har han òg opplevd den bolivianske bakgrunnen som eit pluss. Då han via TIK ved UiO var på opphald i Tomsk i Sibir, opplevde han ei overveldande interesse, særleg frå eldre menneske ute på gata.

 – Byen var så hemmeleg at den ikkje stod på noko kart, også etter oppløysinga av Sovjetunionen. Når det kom folk på besøk, var gjestene berre frå Sovjet-land og aldri frå Latin-Amerika.

Å få innpass på eit norsk doktorgradsprogram var heller ikkje rett fram. Etter 32 resultatlause søknader, starta han endeleg på eit ph.d.-løp ved Mohn-senteret, ein del av Høgskulen på Vestlandet. Disputasen skjer etter planen i 2024.

Oppdrett i Norge og Chile

Temaet han disputerer i, trekker elegant ei linje mellom Latin-Amerika og Vestlandet, der han jobbar i dag. Som del av ph.d.-løpet var han ein månad i Santiago, på Latin-Amerikas beste universitet, som sende han vidare til Eldlandet, øygruppa nær Magellanstredet, som utgjer sørspissen av Sør-Amerika. Han skildrar det som ein steinørken med lite anna enn pingvinar og laksemerder. Der blei Joaquin i to månader til.

Tierra del Fuego i Chile
Eldlandet, eller Tierra del Fuego, er øygruppa på sørspissen av Sør-Amerika der Joaquin gjorde litt av feltarbeidet til doktorgraden sin.

Doktorgraden handlar om ansvarleg innovasjon i lakseindustrien og ser særleg på genteknologi, eit punkt der forståinga av kva som er «ansvarleg innovasjon» er vilt ulik i lakselanda Noreg og Chile:

– I Norge er ein veldig forsiktig, medan oppdrettsnæringa i Chile er positiv, og meiner det er ein tematikk som ekspertar må vise veg i, seier Joaquin.

Ved Vestlandsforsking er han alt i gang med eit anna prosjekt der havbruk står sentralt: Shift-Plastics, som har som mål å redusere mengda plast som hamnar i havet, både frå oppdrett og fiskeri. Han er inne i fleire forskingsprosjekt, både om sirkulærøkonomi og klimarisiko. På lengre sikt drøymer han om å utvikle internasjonale samarbeid over Atlanterhavet.

– På lengre sikt har eg veldig lyst til å trekke inn Latin-Amerika i forskinga mi, smiler han.