Koordinering av Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt)

Noradapt eller Norsk senter for berekraftig klimatilpassing blei etablert ved årsskiftet 2018/2019. Vestlandsforsking driv senteret, som består av åtte partnarinstitusjonar. Kvar av dei er representerte i senteret si leiargruppe.

Les meir på Noradapt si nettside

På denne sida presenterer vi aktivitetar Noradapt finansierer ut over dei ordinære forskingsprosjekta. Dette gjeld mellom anna foredrag, publisering av vitskaplege artiklar og felles seminar og konferansar.

I media:

 Artikkel: Når 1,5 gradersmålet er utenfor rekkevidde, må Norge tilpasse seg

Startdato:
Prosjektnummer:
6516
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Forskar og kommunikasjonsansvarleg
Publikasjon(ar):
Aktuelt:
  • Foto Technoport 2020

    Noradapt, eit nasjonalt senter for klimatilpassing leidd av Vestlandsforsking, skulle i år ha vore med på å arrangere Technoport 2020. Konferansen samlar over 700 deltakarar og skulle i år ta opp korleis vi kan ta i bruk teknologi for å tilpasse samfunnet til klimaendringane.

  • Menneske saman i konferanserom

    Klimaendringane gjer det vanskelegare å dyrke mat i store delar av verda og tvingar bøndene til å tilpasse seg nye vêrmønster. Dette er ei felles sak for Utviklingsfondet og Noradapt, som nyleg møttest hjå Vestlandsforsking for å bli betre kjende og vurdere framtidig samarbeid.

  • Iselin Nybø gestikulerer i ved møtebord framføre presentasjon

    Minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø, besøkte tysdag Vestlandsforsking for å få innblikk i arbeidet ved det nye klimatilpassingssenteret.