Ny kortfilm om klimaendringar lansert

Foto
"Hvítr" is the Norse word for "white". The absence of snow in lowland Norway during the winter is one of the most noticeable aspects of climate change. (Photo: Johan Wildhagen)

Under konferansen #klimaomstilling2020 viste Noradapt ein ny kortfilm om klimaendringar. «Hvítr» er eit tingingsverk for Noradapt, filma og regissert av Johan Wildhagen. Filmen har eit kunstnerisk uttrykk og kombinerer foto, grafikk og originalskriven musikk av artist Fay Wildhagen. Målet er å la sjåaren dvele ved det gradvise tapet av snø, kulde og vinter, eitt av fleire utslag av klimaendringane i Norge.

– Det er mykje snakk om kva som er i ferd med å endre seg, men mindre om korleis vi opplever gryande endringar i omgjevnadene våre, seier forskingsleiar Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking og i Noradapt (Norsk senter for berekraftig klimatilpassing).

Det vi har mista

Foto
Stillbilete frå filmen "Hvítr" av Johan Wildhagen.

For korleis kjennest det at barndommens snømenn forblir eit fjernt minne fordi snøen smeltar like fort som han kjem, eller at du må flytte frå heimbyen din fordi stadige skogbrannar gjer lufta farleg for ein med astma? At heimen din er kan bli vaska bort av flaum?

Dei personlege klimahistoriene – korleis klimaendringane merkast og blir opplevd av kvar og ein der dei kjem frå – var tema på ein klimaworkshop med UWC i Fjaler knytt til konferansen #klimaomstilling.no, som Noradapt og Vestlandsforsking er med på å arrangere. Ungdom frå ulike land snakka om før, no og korleis det kjennest. Akkurat korleis vi opplever klimaendringane med kjenslene, heller enn med hjernen, er litt av poenget med kortfilmen «Hvítr», som med musikk og bilete manar fram ei stemning hjå sjåaren.

– I Noradapt har vi òg vore opptekne av korleis ein kan spele på nye verkemiddel for å engasjere publikum rundt at klimaet er i endring, seier Halvor Dannevig, som saman med senterleiar i Noradapt, Carlo Aall, tok initiativ til å få laga filmen «Hvítr».

To blad Wildhagen

Hvítr er laga av fotograf og filmskapar Johan Wildhagen, som òg er ein ivrig friluftsmann med eit sterkt engasjement for klima og miljø. Han har tidlegare produsert den alternative skifilmen «Rewild», som har naturtilknyting og kjærleik til snø som et gjennomgåande tema.

Foto
Stillbilete frå filmen. Halvor Bodin har utvikla grafikken i opningssekvensen med ismålingar frå Jostedalsbreen som utgangspunkt. (Foto: Johan Wildhagen)

Filmen blei vist i Sogndal, der Vestlandsforsking held til, i 2018 og var litt av grunnen til at «Hvítr» blei til. Tittelen er henta frå norrønt, og betyr «kvit», men gir òg assosiasjonar til «forvitring».

Wildhagen fekk med seg dottera, artisten Fay Wildhagen, til å lage eit eige musikkspor til filmen. Grafisk designer og kunstnar Halvor Bodin har laga grafikken. Dei grafiske elementa i innleiinga til filmen har Bodin laga på bakgrunn av data frå målingar av isen i Jostedalsbreen.

 

Sjå filmen på Noradapt sine nettsider