Statsråd Nybø besøkte klimatilpassingssenteret

Iselin Nybø gestikulerer i ved møtebord framføre presentasjon

Minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø, besøkte tysdag Vestlandsforsking for å få innblikk i arbeidet ved det nye klimatilpassingssenteret.

Noradapt, eller Norsk senter for berekraftig klimatilpassing, har vore i drift i litt over eit halvt år. Vestlandsforsking leier senteret på vegner av fleire partnarar med spisskompetanse på tilpassing til klimaendringane. Iselin Nybø var interessert i å få innblikk i det som har skjedd sidan starten.

Kunnskap etterspurt

Senterleiar Carlo Aall fortalde statstråden at Noradapt til no har henta inn 10 prosjekt. Av desse prosjekta er 4 finansierte av fylkeskommunar, 4 av kommunesektoren, og dei tre siste av eit direktorat, Noregs Forskingsråd og EU. Når senteret sitt første år er omme, vil seks forskingsprosjekt vere avslutta. Kunnskapen som blir til, skal formidlast til dei mange som etterspør han i offentlege og private verksemder.

– Vi har opplevd stor pågang sidan vi starta opp, og er midt i ein serie møte med aktørar landet rundt, seier brukarkontakt Torunn G. Hønsi.

Carlo Aall og Iselin Nybø poserer
Senterleiar Carlo Aall og forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø på Fosshaugane Campus i Sogndal. Statsråden la vekt på at Noradapt fyller eit viktig behov.

Styrtregn og jordskred

Dei dramatiske hendingane på seinsommaren knytte eit alvor til statsråden sitt besøk. Berre få dagar tidlegare førte kraftig regn til tap av liv og store øydeleggingar i Jølster og Gloppen. Kvelden før statsråden kom til Sogndal, regna det intenst i indre delar av Sogn, og i Jordalen i Voss kommune måtte fleire menneske evakuerast på grunn av jordskred. Nybø var interessert i korleis samfunnet kan styrke førebygginga av slike hendingar og kva som gjer at enkelte kommunar har betre beredskap enn andre. Senterleiar Carlo Aall gjekk gjennom konklusjonane frå ein fersk rapport om nettopp slike erfaringar frå små- og mellomstore kommunar og peika på ei nasjonal analyse av klimasårbarheit som eit stort behov.

Matnyttig kunnskap

– Når kvar enkelt kommune skal sikre, førebygge og bu seg på ekstremvêr, treng dei ei overordna, nasjonal analyse å lene seg på, sa Aall, og viser til at dette er vanleg på dei fleste politikkområde. Han la òg vekt på måtar forskarane kan støtte kommunane i å knyte klimakunnskapen til lokale forhold og identifisere sårbare punkt.

– Kommunane kjem ingen veg med meteorologisk kunnskap om korleis vêret kan endre seg i regionen. Dei seier «OK, men kva skal vi gjere», sa Aall.

Fylte eit tomrom

Etter å ha høyrt korleis Noradapt har handtert sitt første halvår, slår Iselin Nybø fast at senteret sprang ut av eit tydeleg behov i samfunnet.

– Eg tenker at timinga var svært god; Noradapt vart etablert til rett tid. Det var eit tomrom der som trong å fyllast, sa Nybø.

Iselin og NORADAPT poserer
Eivind Brendehaug (koordinator Noradapt), Hans Jakob Walnum (konstituert direktør Vestlandsforsking), Carlo Aall (leder Noradapt), Iselin Nybø (forsking- og høgare utadanningsminister), Trude Risnes (varaordfører Leikanger) og Torunn Hønsi (brukarkontakt Noradapt) på Fosshaugane Campus i Sogndal.