Noradapt har fått eit internasjonalt vitskapsråd

Kvinne i grå genser og rosa skjerf talar til forsamling

Noradapt har etablert eit internasjonalt vitskapsråd med fem toppforskarar med spisskompetanse på ulike sider ved berekraftig tilpassing til klimaendringane. Leiaren for rådet er Sirkku Juhola, professor i urban miljøpolitikk ved Universitetet i Helsinki. Forskingssenteret Noradapt samlar landets fremste forskingsmiljø innan klimatilpassing, og Vestlandsforsking har ansvar for drifta.

Kvinne, middelaldrande, mørkt hår
Maria C. Lemos, University of Michigan

Det internasjonale vitskaplege rådet vart etablert i eit digitalt møte 5. oktober 2021.

Dei fem medlemmene er akademikarar basert i Finland, USA, Tyskland og Storbritannia. Alle har spisskompetanse på tilpassing til klimaendringar, som er kjernen i det Noradapt forskar på.

Rådet skal utgjere ein ressurs for forskingssenteret, forklarer Carlo Aall, senterleiar i Noradapt. I tillegg til å kommentere vitskapleg arbeid og delta på jamlege møte, håpar Aall at fleire frå det vitskaplege rådet vil bidra i utvikling av prosjektsøknader og ta del i ein planlagt fagbokserie.

Dette er rådsmedlemmene

Sirkku Juhola (avbilda øvst) er professor i urban miljøpolitikk ved Universitetet i Helsinki og gjesteprofessor ved Universitetet i Linköping. Ho er leiar for Noradapt sitt internasjonale vitskapsråd og har ei bistilling ved Vestlandforsking. Juhola er spesielt oppteken av miljøpolitikk og miljøforvaltning, med vekt på byar og urbane område.

Smilande mann med dress og briller
Benjamin K. Sovacool, University of
Sussex Business School

Maria C. Lemos er professor i berekraft og utvikling ved School for Environment and Sustainability ved University of Michigan. Ho forskar på klimatilpassing og den rolla kunnskap spelar i å bygge tilpassingskapasitet.

Benjamin K. Sovacool er professor i energipolitikk ved University of Sussex Business School i Storbritannia og har ei bistilling ved Vestlandsforsking. Sovacool forskar på tema som energiomstilling og klimatilpassing i samanheng med sosial rettferd.

Richard J. T. Klein er seniorforskar ved Stockholm Environment Institute og professor i geografi, klimapolitikk og utvikling ved Universitetet i Linköping. Han er ein internasjonalt leiande ekspert på feltet klimatilpassing. Klein er basert i Bonn.

Mann med dressjakke og briller, smiler

Frans Berkhout er professor i miljø, samfunn og klima ved King’s College i London og dekan ved fakultetet for samfunnsvitskap og offentleg politikk.

La fram vitskaplege artiklar

Kring 15 personar deltok på den formelle etableringa av rådet 5. oktober. Etter skipinga følgde ein intern arbeidsverkstad der forskarar frå fagmiljøa i Noradapt la fram vitskaplege artiklar og fekk innspel frå rådet. Desse artiklane skal presenterast i ei spesialutgåve av det amerikanske tidsskriftet  Weather, Climate, and Society, som blir gitt ut av American Meteorological Society. Fordi «berekraftig klimatilpassing» er eit nytt omgrep, har forskarane behov for å utforske tydinga vidare. Spesialutgåva av tidsskriftet er eit ledd i dette arbeidet.

Berekraft som premiss

Både Noradapt og det vitskaplege rådet legg stor vekt på at klimatilpassing må vere nettopp berekraftig, altså at alle tiltak må vere i tråd med FN sine mål for berekraftig utvikling.

 Essensen i dette er at vi ikkje forsterkar klimaendringane og at vi tek omsyn til naturmangfald og andre berekraftmål. Kort sagt, at vi unngår å hive ungen ut med badevatnet, understrekar Eivind Brendehaug, nestleiar i Noradapt.

Eldre, tynnhåra mann i dress og skjorte fotografert inne
Frans Berkhout, King's College i London

To på tilsett-lista

At to av rådsmedlemmene har ei bistilling ved Vestlandsforsking, er mest som ein formalitet å rekne. Denne typen tilknyting gjeld både leiaren i det vitskaplege rådet, Sirkku Juhola, og Benjamin K. Sovacool.

Begge er mangeårige samarbeidspartar for fleire av forskarane innan klima og miljø ved Vestlandsforsking.