Det overordna målet med prosjektet er å betre lønsemda i fruktdyrkinga i Sogn og Fjordane gjennom å forbetre produksjon, distribusjon og omsetning. I første omgang ser vi føre oss eit prosjekt som skal avdekke korleis produksjon- og omsetningssystemet fungerer/ikkje fungerer og årsaker til svikt i omsetninga. Prosjektet skal avgrensast til produksjon av eple i Sogn og Fjordane og dei marknader, omsetningsaktørar og produsentmijlø som er involvert i dette. Prosjektet skal vurdere og kome med framlegg til oppfølging ut frå den kunnskapen som vert avdekka. I forlenginga av prosjektet ser vi for oss eit mogeleg utviklingsprogram i samarbeid med aktørane for omsetning av frukt kor ein utformar strategiar og tiltak og implementerer desse i næringa.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
BU Sogn og Fjordane, Gartnerhallen
Prosjektnummer:
2176
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Seniorforskar