Kontakt oss

Kontaktinformasjon

E-post: post@vestforsk.no (sjå «tilsette» for kontaktinformasjon til kvar enkelt tilsett)

Telefon: 906 33 600

Opningstider: Kl. 08.00 - 15.45, Kl. 08.00 - 15.00 (15. mai - 15. september)

Besøksadresse: Røyrgata 4, 6856 Sogndal

Postadresse: Vestlandsforsking, Postboks 163, 6851 Sogndal

Faktura

E-fakturaadresse: 965919627 (vi ønskjer e-faktura i EHF-format)

Organisasjonsnummer: 965919627

Bank: 6557.05.03892

Slik finn du Vestlandsforsking

Vestlandsforsking har kontor på Fosshaugane Campus, ein kilometer frå Sogndal sentrum i retning Sogndalsdalen. Du finn oss i eit tilbygg til Sognahallen (Skotet) på den nedre sida av hallen. Bygget heng saman med Stadionbygget og ligg vis-a-vis Høgskulebygget.

Til fots

Kjem du til fots, til dømes frå skysstasjonen i sentrum, er det enklast å følgje Fossvegen langs Sogndalselvi mot Fosshaugane Campus. Følg elva til du når Sognahallen. Gå opp gangvegen mellom Sognahallen (stor, blå og kvit hall) og Høgskulebygget (svart). Ta til venstre på toppen av bakken. Inne i gangen finn du Vestlandsforsking på venstre side.

Med bil

Når du skal besøke Vestlandsforsking med bil, er det enklast å køyre av frå Fjærlandsvegen ved Ingafossen (skilta til Fosshaugane Campus). Køyr nedover mot Sognahallen. Sjå etter parkering bak bygget (der p-automaten står) eller på p-plassane mellom hallen og elva. Hugs å betale! 

Andre transportmiddel

Med fly: Flyplassen i Sogndal heiter Sogndal lufthamn Haukåsen (SOG). Det går alltid flybuss til og frå flyplassen i samband med avgang og ankomst, og turen tek om lag 20 minutt. Siste stopp er Sogndal skysstasjon i sentrum. Derifrå kan du gå til Vestlandsforsking (5 minutt) eller ta ein taxi (drosjesentralen ligg på skysstasjonen).

Med buss: Kjem du til Sogndal med buss, er det enklast å gå av på Sogndal skysstasjon og gå til Fosshaugane Campus langs Fossvegen/elva.