Aktuelt-arkiv

  • Foto - Kyrre Groven

    Vestlandsforsking la årets personalsamling til høgfjellet. Nysnø og strålande sol sikra at dei som tok turen til Golsfjellet, fekk fine dagar i lag.

  • Foto

    Skeiv kjønnsfordeling står sentralt i Vestlandsforsking si IKT-forsking. I ein ny rapport samlar forskarane all tilgjengeleg statistikk om kvinner si deltaking i sektoren, som er spådd ei rivande utvikling i åra framover. – Kunnskapshola vi har funne, skal vi fylle gjennom kvalitativ forsking, seier Hilde G. Corneliussen.

  • Foto Technoport 2020

    Noradapt, eit nasjonalt senter for klimatilpassing leidd av Vestlandsforsking, skulle i år ha vore med på å arrangere Technoport 2020. Konferansen samlar over 700 deltakarar og skulle i år ta opp korleis vi kan ta i bruk teknologi for å tilpasse samfunnet til klimaendringane.

  • Skisse av "Framtidas hyttegrend"

    Korleis kan ei hyttegrend sjå ut viss ein planlegg ut frå eit mål om berekraft? Spørsmålet har stått sentralt i eit prosjekt der arkitektar, hytteutviklarar, trevareleverandørar, byggfaglege rådgjevarar og forskarar har gått saman om å prosjektere framtidas hyttegrend.

  • Foto frå delegasjonreise til India

    Vestlandsforsking håpar på samarbeid med indiske forskarar i åra som kjem. I februar var professor Rajendra Akerkar deltakar på ei norsk delegasjonsreise til New Delhi og Chennai. Undervegs knytte han nye band og friska opp gamle.

  • Foto av Anna Maria Urbaniak-Brekke

    1. februar 2020 starta Anna Maria Urbaniak-Brekke i fast forskarstilling, etter to år i vikariat. Tilsetjinga er eit ledd i Vestlandsforsking si satsing på reiseliv og internasjonalisering. Anna Maria håpar å utnytte heile den faglege breidda si, ikkje minst ved å bidra til koordinering av internasjonale prosjekt.

  • Foto frå utstillinga Grüne Woche i Berlin i januar 2020.

    Vestlandsforsking var i januar på matfestivalen Grüne Woche i Berlin saman med folk frå mat- og reiselivsverksemder, lokal næringsutvikling og FoU-sektoren i Sogn. I studieturen ligg kimen til eit samarbeid som vil kreve kunnskapsbygging og innovasjon i åra framover.

  • Foto

    Otto Andersen, forskar ved Vestlandsforsking gjennom 25 år, døydde 28. desember 2019 etter å ha vore sjuk ei kort tid. Her kan du lese eit minneord skrive av kollegaer og vener ved instituttet.

  • Foto frå vegstenging i Jølster

    Dei viktigaste vegane i Norge blir jamleg stengde på grunn av flaum og skred. Slike problem er venta å auke med klimaendringane, men ein ny studie Vestlandsforsking og Menon Economics har gjort for Statens vegvesen, viser at talet på slike hendingar kan mangedoble seg dei neste tiåra viss vi ikkje satsar stort på førebygging.

  • Portrett Torbjørn Selseng

    Etter berre fem månader som trainee, starta Torbjørn Selseng året som fast tilsett i Vestlandsforsking. – Eg tykkjer det er utruleg kjekt å forske, seier han.