Skisse av "Framtidas hyttegrend"
For at hytter skal føre til mindre klimautslepp enn i dag, er både storleik og materialval viktige stikkord. Skissa er utvikla av arkitektane i Stiv Kuling AS.

Korleis kan ei hyttegrend sjå ut viss ein planlegg ut frå eit mål om berekraft? Spørsmålet har stått sentralt i eit prosjekt der arkitektar, hytteutviklarar, trevareleverandørar, byggfaglege rådgjevarar og forskarar har gått saman om å prosjektere framtidas hyttegrend.

Går det an å få seg hytte på fjellet og likevel ha godt samvit, med tanke på klima og miljø?

Dei siste åras bygge-bonanza på fjellet er bakteppet for det høgaktuelle prosjektet, som har vore leidd av arkitektkontoret Stiv Kuling og henta faglege bidrag frå Vestlandsforsking. Å eige hytte og reise dit i helgar og feriar er blitt ein del av den norske kulturen, men i takt med velstanden, har også hyttene lagt på seg. Konsekvensane dette får for natur, klima og miljø er litt av grunnen til at prosjektet vart drege i gang. For det finst ein veg ut av uføret - og den går gjennom nytenking og samarbeid på tvers av fag-grenser.

I arbeidet med framtidas hyttegrend har fleire lokale verksemder delteke: Asplan Viak, Ingeniørkontoret Per Berteig AS, Ja-Tak Kaupanger og Sogn Næring. Midlane er løyvde av Oppland fylkeskommune, Sogn Næring og hytteutviklarar i to område: Hodlekve i Sogndal og Turtagrø i Luster.

Nytt og smått hyttekonsept

Vestlandsforsking sitt faglege bidrag i prosjektet omfattar i hovudsak to ting: Det første er ei vurdering av klimagassutslepp knytt til eit hyttekonsept arkitektkontoret Stiv Kulling har utvikla. Utsleppa gjeld ikkje berre bygginga av hytta, men heile levetida til bygget.

Det andre bidraget er ei vurdering av kor vidt prinsippa for delingsøkonomi kan føre til meir sosial, økonomisk og miljømessig berekraft i hyttemarknaden. Spørsmåla er utgreidde av Hans Jakob Walnum og Torkjel Solbraa.

«Li» og «Tind»

Dagens norske hytter er ikkje det den norske hytta ein gong var – eit nøkternt krypinn i fjellet med utedo, køysenger og lite plass. I studien har Vestlandsforsking teke utgangspunkt i den typiske nybygde hytta av i dag, eit bygg på 96 kvadratmeter (snitt-hytta i 2018).

Denne har forskarane samanlikna med to langt meir areal-effektive konsept – hyttetypane «Li» på 66 kvadratmeter og «Tind» på sparsame 29 kvadratmeter, begge teikna av arkitektane i Stiv Kuling.

Arkitektar og forskarar i prosjektet Framtidas hyttegrend
Ariktektar og forskarar har samarbeidd i prosjektet Framtidas Hyttegrend. Frå venstre: Tarjei Kannelønning (Stiv Kuling), Torkjel Solbraa (Vestlandsforsking), Eyvind Øgar (Stiv Kuling) og Hans Jakob Walnum (Vestlandsforsking). Foto: Idun A. Husabø

Material er viktig

Forsking Vestlandsforsking har utført, viser at valet av material i hyttebygginga har mykje å seie for utsleppa hytta står for. Viss du vel material som gir låge klimagassutslepp, kan du kutte utsleppa av klimagassar frå hytta di med så mykje som 60 prosent i byggefasen.

– Når vi tek med heile livsløpet og forutset eit likt bruksmønster, ser vi klart at mindre hytter, som dei Stiv Kuling har designa, gir ein stor reduksjon i klimagassutslepp, fortel Hans Jakob Walnum. Klimakuttet kan han talfeste: Samanlikna med ei nybygd gjennomsnittshytte, vil den minste hyttetypen, «Tind», gi eit klimakutt på 65 prosent. Talet baserer seg på at hytta står i 60 år. For den mellomstore hyttetypen, «Li», er kuttet på 32,5 prosent.

Hytte på deling

Vestlandsforsking har òg sett på kva forskingsstudiar seier om hytter og delingsøkonomi. Eit viktig spørsmål har vore kor vidt delingsøkonomiens eventuelle inntog på hyttemarknaden kan føre Hytte-Norge i ei betre retning når det gjeld sosial, økonomisk og miljømessig berekraft.

Her peiker forskarane på at delingsøkonomi vil gi både moglegheiter og utfordringar sett opp mot ulike berekraftmål.

– Hyttedeling kan ha ein positiv miljøeffekt på arealbruk og klimagassutslepp, men då må delinga bidra til å erstatte miljøskadelege alternativ og ikkje kome på toppen av dei. Nærliggande døme kan vere at brukarane eig kvar si hytte eller at dei flyr langt på ferie.

Verdiskaping og utjamning

Hyttekommunar i distrikta kan sjå med uro på tankar om at folk skal dele hytter heller enn å bygge nye, men her er nytenking nøkkelen til framtidig verdiskaping, meiner forskarane.

– Å få til lokal verdiskaping frå hyttedeling, krev at det finst ein lokal næringsstruktur som kan utnytte at det er folk i hyttene ein større del av tida, seier Torkjel Solbraa.

I tillegg til miljømessig og økonomisk berekraft, såg forskarane på kor vidt delingsøkonomi på hytteområdet kan gjere hytter til ei aktuell ferieform for grupper i samfunnet som i dag manglar tilgang til hyttehelger og vinterferiar framfor ein vedomn på fjellet.

Dessverre slår dei fast at ei utvikling i retning av meir hyttedeling ikkje gir nokon garanti for sosial utjamning.

– Dette heng mellom anna saman med prismekanismar i den opne marknaden, seier Solbraa.

 

Les forskarane sin kronikk i Nationen: "Hytte-Norge må se klimaendringene i øynene"