Lynrask trainee

Portrett Torbjørn Selseng
Som masterstudent vart Torbjørn Selseng interessert i forskingsmetode. Etter berre fem månader som trainee ved Vestlandsforsking, startar han 2020 som fast tilsett forskar ved instituttet (Foto: Idun A. Husabø)

Etter berre fem månader som trainee, starta Torbjørn Selseng året som fast tilsett i Vestlandsforsking. – Eg tykkjer det er utruleg kjekt å forske, seier han.

Det var som masterstudent Torbjørn skjønte kva han ville bli.

Før det var han ein av mange i 20-åra som studerte «noko» fordi det er vanleg å gjere det. For han blei det journalistikk i Volda og ein bachelor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Deretter jobba han nokre år i NRK sine nyhenderedaksjonar på Marienlyst og Tyholt, mellom anna i nyheits- og aktualitetsprogrammet «Her og nå».

Då Høgskulen på Vestlandet starta sin tverrfaglege klimamaster i Sogndal, vart Torbjørn student på ny. Denne gongen var det noko heilt anna.

Klimainteresse

– Då eg byrja med klima, merka eg at det verkeleg interesserte meg. Då vart det ei heilt anna oppleving, seier Torbjørn. Klimamasteren han tok, gir eit breitt bilete av klimaendringane, frå korleis blomar blir påverka av tidleg vår til tema som geofare og planlegging. Torbjørn kjende på eit sug etter å få overblikket og kunne setje detaljane inn i ein samanheng.

– Å studere fordi ein har lyst, er berre utruleg spennande. Då byrjar ein å søke informasjon på andre måtar, seier han.

Korleis bli forskar?

Kunnskapstørsten dreiv Torbjørn til å tenke framover. Kunne ein akademisk karriere vere noko for han?

Eit par månader ut i det første av to studieår, oppsøkte han dekanen for å spørje korleis ein går fram for å ta ein doktorgrad. Gjekk det an i Sogndal? Han hadde ikkje noko forhold til konseptet.

– Eg tenkte mykje på det, for eg likar å ha mål for det eg gjer. Då Vestlandsforsking lyste ut ei traineestilling, var eg klar og hadde alt flagga interesse, fortel han. Den nye arbeidsgjevaren er klar på at Torbjørn har kvalitetar instituttet etterspør: 

– Torbjørn har vist seg som ein svært talentfull forskar. Det er veldig kjekt for oss å kunne tilsetje han i fast stilling etter berre fem månader som trainee, seier direktør Anders-Johan Almås.

Gripen av metode

Av alle ting var det forskingsmetodar som greip Torbjørn og gav han ei kjensle av å ha funne noko vesentleg.

Då han tok fatt på metodefaget på masteren, gjekk det opp for studenten kva slags spenn av mogelegheiter som låg i akkurat spørsmåla og det såkalla «forskingsdesignet» ein vel for å søke svar på problemstillingar.

– Ein kan bruke eit heilt liv på å lage det perfekte designet, seier Torbjørn.

I arbeidet med masteroppgåva, "Beyond democracy: Assessing the effects of democratic qualities on CO2", såg Torbjørn på korleis demokratiet påverkar utsleppa av CO2. Fanst det ein samanheng?

Sans for tal

Torbjørn vart lagt merke til, ikkje minst på grunn av ein nokså sjeldan sans for kvantitativ metode, altså tal-baserte forskingsmetodar, i motsetnad til kvalitativ metode. For Torbjørn var noko av det mest interessante å kunne leike med tala, som han på grunn av fagvalet på vidaregåande mista litt kontakt med, men no gjenoppdaga gleda ved.

– Det vi kallar «sanning» er jo eit produkt av metodane og kriteria vi brukar for å avgjere om noko er sant – det er dei vi har bygd heile verda rundt. Kva er terskelen for at noko er sant, og kan ein flytte på terskelen? Slike tankar gjer Torbjørn ivrig.

Fleire bein

I tillegg til å vore ei stemme på radio, er Torbjørn grunnleggar av ei lita strikkeverksemd. Då NRK i 2015 sa opp alle mellombelse tilsette, rauk Torbjørn ut, og mest for å ha noko å halde på med, byrja han å strikke panneband.

Fem år etter driv han framleis «Bjøddn», og lagar maskinstrikka klede av norsk ull, med produksjon i Horten og Balestrand.

Nyttig traineeordning

Dagleg leiar i Framtidsfylket, Linda Hovland, seier dei alt på første traineesamling såg at Torbjørn var ein som hadde mykje å by på. Ho er ikkje overraska over at akkurat han fekk tilbod om jobb så fort.

– Vi har som eit av måla  i programmet at traineeane skal ha fast jobb før året er omme. At verksemda finn gode kandidatar og at traineen trivst, finn jobben interessant og arbeidsmiljøet godt, er som musikk i våre øyre. Ein treng ikkje halde dei på pinebenken i eit år, seier ho.

For Torbjørn var traineeordninga ein utmerka veg frå studiar og inn i arbeidslivet.

– Opplegget leverer som det lovar. Traineeordninga er med på å gjere overgangen litt mjukare, seier han.