Ny forskar på reiseliv: Anna Maria

Foto av Anna Maria Urbaniak-Brekke

1. februar 2020 starta Anna Maria Urbaniak-Brekke i fast forskarstilling, etter to år i vikariat. Tilsetjinga er eit ledd i Vestlandsforsking si satsing på reiseliv og internasjonalisering. Anna Maria håpar å utnytte heile den faglege breidda si, ikkje minst ved å bidra til koordinering av internasjonale prosjekt.

Anna Maria kjem frå Kalisz i den sentrale delen av Polen, og har budd i Norge dei siste fem åra. Ho har ein doktorgrad i friluftsliv frå University School of Physical Education i Poznan.

– Eg skreiv om korleis kommunar kan legge til rette for at folk kan drive med fysisk aktivitet på fritida, forklarer Anna Maria. Før ho blei stipendiat, tok ho to mastergradar: ein i internasjonale relasjonar og ein i reiseliv og rekreasjon. Deretter jobba ho i eit reisebyrå i Warszawa.

– Då eg organiserte turar til Noreg, møtte eg han som blei mannen min. John Brekke og eg gifta oss etter kvart og eg flytta til han i Norge, fortel ho.

Kunsten å gjere to ting på ein gong

Anna Maria har aldri vore ei som avgrensar seg til å gjere éin ting om gongen. Faktisk er det først no, eit stykke inn i 30-åra, at Anna Maria har fått prøve ein nokså vanleg ting:

– Dette er den første gongen eg har berre ein jobb, ler ho, og forklarer korleis ho alltid har gjort fleire ting samtidig, både i studietida og arbeidslivet. Midtvegs i sitt første, femårige studium, starta ho like godt på eit nytt, og då ho hadde to år att av den andre, femårige utdanninga, kombinerte ho studiet med full jobb i eit reisebyrå. Ikkje nok med det: I sisteåret på masteren, tykte Anna Maria at det ville vere spennande å gå i gang med ein doktorgrad.

– Det hadde ikkje gått utan ein veldig fleksibel arbeidsgjevar, smiler ho.

Frå Warszawa til Marifjøra

Multitaskinga har ho halde fast på. Omtrent midtvegs i doktorgraden, flytta Anna Maria til Norge for å bu med ektemannen, som då var direktør ved Norsk Bremuseum i Fjærland. I Sogn venta hotelljobb på Walaker og Tørvis og deretter vikariat ved Vestlandsforsking.

Doktorgraden jobba ho vidare med på fritida. Slik har det seg at ho ein oktoberdag i 2018 dukka oppatt på kontoret i Sogndal, ferdigdisputert – nesten utan at kollegaene fekk med seg innspurten.

– Det var ikkje enkelt å kome i mål, ettersom eg flytta frå Polen og rettleiaren min døydde. Men som person likar eg best å avslutte det eg byrjar på, seier Anna Maria.

Anna Maria på bru
Anna Maria reiser mykje og ofte - men ikkje med fly.

Allsidig kompetanse

Både ut frå utdanning og erfaring har Anna Maria passa godt inn på forskingsområdet reiseliv. I tillegg har ho i dei to åra som vikar jobba mykje med rådgjeving om finansieringskjelder i EU-systemet. EU-nett er eit Forskingsråd-finansiert prosjekt som legg opp til å mobilisere næringsliv, offentleg sektor og FoU-verksemder til å inngå nye samarbeid med EU-midlar.

Når ho ser framover, trur ho at den kvantitative kompetansen hennar kan bli nyttig for instituttet. I tillegg håpar ho å kunne strekke seg over heile det faglege spennet til Vestlandsforsking ved å bidra til koordinering av internasjonale prosjekt også utanfor hennar eige kjerneområde.

– Det har eg veldig lyst til, og eg er alt i gang med denne typen arbeid i eit stort forskingsprosjekt om klimarisiko. Eg har sans for den typen arbeid, smiler Anna Maria.

Les på fire språk

Slik Anna Maria har stått på, kan ein lure på om ho eigentleg har prøvd å ha fri. I dag fyller ho det ho har av tid med tre ting: språk, lesing og reiser.

– Utanom arbeidstida les eg enormt mykje, fortel Anna Maria, og legg til at det er ein måte å få halde språka sine ved like på. Ho les både skjønnlitteratur og krim, og passar på å veksle mellom bøker på polsk, norsk, engelsk og russisk. Det siste har ho frå studietida, då ho gjorde feltarbeid i Altay-republikken i Sør-Sibir – eit naturskjønt, aude område der endelause vidder blir avløyste av skarpe fjell.

Norsk lærde ho seg sjølv, av nødvendigheit, etter å ha halde seg til engelsk det første året. Språkkursa som fanst, passa ikkje med arbeidstida, så ho tok heller tak i det sjølv, tilsynelatande utan strev.

Når ho no berre har denne eine jobben, går ho med planar om å friske opp to andre språk ho har brukt lite dei siste åra: fransk og spansk.

– Språk er ein hobby for meg. Eg reiser mykje, og tykkjer det er interessant å kunne forstå kva som skjer, forklarer Anna Maria.

Ingen flyskam

Reising vil det òg bli mykje av, både når Anna Maria jobbar i internasjonale prosjekt og i privatlivet, ettersom ho og mannen flittig tek seg rundt når dei har fri. I snitt er dei på reise annakvar helg, både til nabobygder og rundt i regionen, men sjeldan langt, med unntak av feriane. For sjølv om Anna Maria er ein av dei som reiser mest på Vestlandforsking, går det lang tid mellom kvar gong ho set seg på eit fly.

– Flyging gjer meg nokså nervøs, så eg vel helst tog, bil, ferje eller buss, seier ho. I tillegg til å ha reint samvit, får ho kombinert reising med lesing og jobb undervegs.

– Slik sett passar eg godt inn saman med klima- og miljøforskarane eg deler gang med, flirer Anna Maria, og røper ein liten draum: å besøke Sør-Sibir på nytt – men det får bli med tog.