Rekordhøg aktivitet: Her er dei nye prosjekta våre

Direktør (mann) framfor logoen til verksemda si
Sjølv om pandemien gjer det vanskeleg å gjennomføre ein del planlagde feltarbeid, konferansar og møte, ser direktør Anders-Johan Almås fram til eit år med hektisk prosjektaktivitet ved Vestlandsforsking. Foto: Tone Rusdal

Klimatilpassing og samarbeid med offentlege verksemder er ein fellesnemnar for fleire av dei nye FoU-prosjekta Vestlandsforsking startar opp i 2021. Også samarbeid med næringslivet i Vestland om innovasjon går att. Tematisk spenner prosjekta frå biokol og kommunale klimabudsjett til dataspeling blant einslege, unge menn med innvandrarbakgrunn. Direktør Anders-Johan Almås gler seg over rekordhøg aktivitet.

Vestlandsforsking har den siste tida fått midlar til ei rekkje nye forskingsprosjekt. Direktør Anders-Johan Almås noterer seg rekordhøg aktivitet ved instituttet.

Meir forsking i næringslivet

Forregion Vestland går ut på å bidra til at næringslivet i større grad tek i bruk forsking. Gulrøtene er mange for dei som vågar: I samarbeid med forskarar, kan verksemdene få støtte til innovasjon eller arbeide for å gjere produksjonen sin meir berekraftig, omstille seg til klimaendringane eller bli meir konkurransedyktig ved å bli meir «grøne» enn konkurrentane sine.

Nøkkelpersonar i dette arbeidet er forskarar med ei rolle Forskingsrådet kallar «kompetansemeklar», eit slags «støttande mellomledd» mellom næringsliv og akademia. Kort sagt går det ut på å støtte bedriftene i å inne fram til den rette kompetansen i forskings- og utdanningssektoren. Bedrifter som ønskjer å finne veg i mogelege støtteordningar og tema, får hjelpa dei treng til å utforme prosjektidear og finne samarbeidspartar. Ved Vestlandsforsking er forskar Øyvind Heimset Larsen blant dei som har denne rolla.

Samarbeidet går frå 2021 til 2023. Partnarane er Vestland fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking.

Her kan du sjå ei oversikt over kompetansemeklarane i fylket

Les meir om Forregion Vestland

 

Innovasjon og klimatilpassing

Vestlandsforsking leier to prosjekt som vart innvilga på tampen av 2020. Begge hentar midlar frå Forskningsrådet si utlysing for innovasjon i offentleg sektor og handlar om tilpassing til klimaendringar. Dei er difor knytte til Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt), eit samarbeid mellom åtte fagmiljø der Vestlandsforsking står for drifta.

Sikra veg
Elvesikring på Vassenden i Jølster, ei strekning som vart hardt råka av jordskred og flaum etter styrtreg i 2019. Foto: Idun A: Husabø

Klimatilpasning og veitransport (Klimavei) er eit samarbeid mellom Statens Vegvesen (prosjekteigar), Vestlandsforsking og det statlege vegselskapet "Nye veier". Målet er å etablere eit kunnskapsgrunnlag for å gjere samfunnsøkonomiske analysar på prosjekt- og systemnivå som tek omsyn til forventningar om endringar i klima og klimapolitikk, i tillegg til å bidra til at ein når mål om tryggleik, berekraft og effektivitet i vegsektoren. Prosjektet går over tre år og har eit budsjett på 11,5 millionar kronar (halvparten frå Forskingsrådet).

NGI og Menon Economics er med som FoU-partnarar. Carlo Aall ved Vestlandsforsking er prosjektleiar.

Medverknadsmetodar for klimatilpassing, det andre av desse prosjekta, handlar om å utforske ulike metodar for medverknad, både når det gjeld datainnsamling, visualisering av klimakunnskap og deltaking i planprosessar. Det er Vestland fylkeskommune som er prosjekteigar, og aktiviteten føregår i tre kommunar som har behov for å styrke arbeidet med klimatilpassing: Osterøy, Sunnfjord og Kinn.

Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking er prosjektleiar, og han har med seg forskarar frå to av fagmiljøa i Noradapt: NORCE Klima og Institutt for geografi ved NTNU. Prosjektet varar i tre år og har eit budsjett på til saman 4,9 millionar kroner (Forskningsrådet bidreg med 3,6 mill.).

Les meir

 

To lokalt forankra klimaprosjekt

I tillegg kjem to nye forskingsprosjekt på klimafeltet der Vestlandsforsking samarbeider med Sogndal kommune, Vestland fylkeskommune og andre kommunar og forskingspartnarar. Det første, Klimabusjett 2.0, dreier seg om utsleppskutt, medan det andre handlar om tilpassing til klimaendringar. Tittelen er Verktøy for klimatilpasning av bygg og infrastruktur.

Dei to prosjekta hentar til saman 3 millionar kroner, og går over 3 år.

Les meir i ein eigen nyhendeartikkel

 

Einsamt liv framfor skjermen

Gut spelar data på rommet sitt
Koronatiltaka har etter alt å døme gjort mange unge meir avhengige av dataspel. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad

Korona-pandemien har gjort dataspeling til ein større del av livet for mange, kanskje særleg blant unge menn. Forskar Gilda Seddighi har tidlegare forska på problemspeling blant ungdom i innvandrarfamiliar, altså dataspeling som blir så omfattande at den går ut over måltid, skulegang og sosialt liv . Saman med Hilde G. Corneliussen flyttar ho no blikket til dei unge mennene med innvandrarbakgrunn som ikkje har nokon som kan setje ned foten for dei eller oppsøke hjelp. For korleis er spelevanane i denne gruppa i 2021, etter meir enn eit år med koronatiltak? Kven kan vere der for dei, og korleis kan samfunnet best hjelpe dei ut av dårlege spelevanar? Forskarane ser spesielt på aldersgruppa 15-25.

– Kunnskap om dataspelvanar hjå unge menn utan familie i Noreg kan bidra til utforming av tiltak mot problemspeling som inkluderer større grupper av ungdommar med innvandrarbakgrunn, seier Seddighi. Slike tiltak kan redusere sosial ulikskap.

Forskingsprosjektet er finansiert av Medietilsynet, og tilsynet er òg med som ein partnar i prosjektet. Forskinga går ut 2021.

Les meir om forskingsprosjektet

 

Svart gull frå avfall

To kvinner med prøvar av svart biokol i handa
Torunn G. Hønsi (Vestlandsforsking) og Dagny Ugulsvik Alvik (SIMAS) med prøvar av biokol - eit sentralt produkt i prosjektet Føniks, som fekk midlar i slutten av 2020. Foto: Astrid Knutsen

Forskar Torunn G. Hønsi har eit nært samarbeid med avfallsverksemda SIMAS IKS og andre aktørar om å få opp kunnskapen og interessa for å produsere biokol av avfall frå ulike næringar, til dømes treflis frå hogst og fiskeavfall. Ved å forbrenne denne typen biologisk avfall i spesielle omnar, kan ein lage eit produkt som kallast biokol og til forveksling liknar grillkol.

I tillegg til at det bringer "stranda" ressursar inn i ei verdikjede att, har biokol mange nyttige fordelar. Det held til dømes godt på vatn – til stor nytte for flaum- og tørkeråka bønder – og tilfører jorda viktig næring. Klimabonusen kjem ved at verksemder som SIMAS unngår å køyre trailerlass med slikt avfall til forbrenning i Sverige eller Østfold. Men nytteområda er endå fleire. I prosjektet skal aktørane jobbe for å få fleire til å interessere seg for dette svarte gullet. Prosjektet har tittelen Frå aske til biokol – moglegheitsstudie for etablering av sirkulær verdikjede for bioavfall i Sogn (Føniks).

Les meir her