To kvinner med prøvar av svart biokol i handa
Forskar Torunn Hønsi og Dagny Ugulsvik Alvik i SIMAS IKS med prøvar av det svarte gullet dei gjerne vil produsere i Sogn. Foto: Astri Knutsen

Vestlandsforsking bidreg i eit prosjekt som kan vere starten på biokol-produksjon i Sogn. Avfallsselskapet SIMAS håpar å spare både kostnader og klimautslepp på å handtere det biologiske avfallet lokalt.

Å produsere biokol av avfall som det hageeigarar leverer på bosplassen i store mengder, er ein smart måte å slutte sirkelen på. I staden for å levere biologisk nedbrytbart avfall til andre, slik SIMAS IKS gjer i dag, kan dei sjølv, med overkommeleg innsats, gjere problemet om til ein ressurs.

Biokol har ei rekkje nyttige eigenskapar.

– Sei at Statens vegvesen i framtida skal fylle eit grøntanlegg i eit vegprosjekt med jord. Ved å blande inn biokol og kompost, vil heile prosjektet få eit vesentleg lågare klimafotavtrykk, forklarer forskar Torunn G. Hønsi ved Vestlandsforsking.

Hand som held behaldar med biokol og ei anna hand med litt av innhaldet.
Biokol liknar grillkol ved første augnekast, men blir til på ein annan måte, ved pyrolyse - ei lukka forbrenning. Kolet er miljøvenleg og kan ha stor verdi for landbruket. Foto: Astri Knutsen

Ikkje berre vil biokolet vere eit lokalt, biologisk produkt – det vil òg kunne bitte karbon og avfallsstoff og lagre stoffa i jorda. I dette eksempelet ville bruken av biokol altså redusere CO2-utsleppa til heile prosjektet.

Tidleg ute

Vestlandsforsking og SIMAS har fått ein halv million kroner i støtte frå Regionalt forskingsfond Vest til forprosjektet. Saman med Kunnskapsparken Vestland, landbruksavdelinga til Fylkesmannen i Vestland, Nibio, Norsk landbruksrådgjeving Vest og Sogn Jord- og hagebruksskule skal dei gjennomføre studien dei har kalla «Frå aske til biokol – moglegheitsstudie for etablering av sirkulær verdikjede for bioavfall i Sogn» gjennom 7 månader.

Første fase er å kartlegge korleis ein best kan gå fram for å produsere biokol i Festingdalen. Etterpå går SIMAS vidare med prøveproduksjon, som eit av få avfallsselskap i landet.

– Dette er viktige midlar for å komme i gang med prosjektet, seier Hønsi.

Held på vatn

Traktor på avfallsplass med haug av svart biokol framfor seg
Festingdalen kan bli den første staden i regionen der biokol blir til i stor skala. Foto: Astri Knutsen

SIMAS tek i dag imot store mengder bioavfall. Berre matavfallet blir kompostert i Festingdalen, medan anna bioavfall blir køyrt til forbrenning og energigjenvinning i Østfold og Sverige.

– Denne handteringa er ikkje lenger i tråd med berekraftmåla våre, sidan ressursane i avfallet ikkje blir utnytta optimalt. I tillegg er handteringa kostbar og fører til utslepp av klimagassar, fortel Dagny Ugulsvik Alvik i SIMAS.

Prosessen der biokol blir til, går ut på at planterestar blir utsett for høg temperatur utan tilgang på oksygen.  Biokolet har mange bruksområde, frå jordforbetring til karbonlagring. I tillegg kjem ein ekstragevinst for eit fuktigare klima: biokolet syg til seg vatn og held på det. Det gjer at biokol kan fungere som eit klimatilpassingstiltak for førebygging av både flaum og tørke. 

Prøver ut dyrking i biokol

Saman med Aurland kommune fekk SIMAS tidlegare i år tildelt Klimasats-midlar frå Miljødirektoratet for å prøve å blande inn biokol i kompostjord. Til våren ventar spennande vekstforsøk.

– Me skaffar oss praktisk erfaring med innblanding av biokol i kompost. Det blir spennande å sjå resultata frå forsøka, seier Alvik. På lang sikt håpar SIMAS å kunne tilby eit produkt som kombinerer eigenprodusert biokol og kompostjord.