Nytt prosjekt skal få kommunane til å engasjere innbyggjarar i klimatilpassing

Jølstravatnet
Foto: Linda Elin Reite, NRK

For å sikre ei berekraftig samfunnsutvikling, må både klimaomstilling og klimatilpassing vere godt integrert i regionale og lokale planprosessar. Men innbyggjarane må òg trekkast med, både for å få fram viktig lokalkunnskap og for å sikre forståing og engasjement for ulike tiltak. Dette står sentralt i eit nytt prosjekt med deltakarar frå heile Vestland.

- Vi ser at det er behov for meir lokalt tilpassa kunnskap i kommunane sitt arbeid med klimatilpassing. Å sikre god deltaking frå innbyggjarar i dei kommunale planprosessane på dette området, er spesielt viktig. Det er òg vesentleg å sikre forståing og engasjement for klimatilpassingstiltaka, seier fylkesordførar Jon Askeland.

På oppdrag for Vestland fylkeskommune, og med finansiering frå Forskingsrådet, skal Vestlandsforsking, Norce Klima og Institutt for geografi ved NTNU teste ut ulike medverknadsmetodar for datainnsamling, visualisering av klimakunnskap og deltaking i planprosessar. Dette skal skje i Osterøy, Sunnfjord og Kinn kommunar, som alle har behov for å styrke arbeidet med klimatilpassing. Prosjektet har fått 3,6 millionar kroner frå Forskingsrådet, og fylkeskommunen og i tillegg bidreg dei deltakande kommunane med finansiering.

Trekke innbyggarar med

Prosjektet, som har tittelen «Medverknadsmetodar for klimatilpassing», skal blant anna utvikle løysingar for å involvere innbyggjarar i prosessar som gjeld kommunen deira:

- medforskingsmetodar for å skape større engasjement og legitimitet til kunnskapsgrunnlaget som klimatilpassinga byggjer på

- visualiserings- og formidlingsmetodar som gjer kunnskapen tilgjengelig og relevant for innbyggjarar

- deltakingsmetodar for å auke innbyggjarane sitt engasjementet i planprosessar

Meir treffsikre om framtida

Medforskingsmetodar kallast gjerne «citizen science» på engelsk, og inneber at vanlege innbyggjarar deltek i forskinga. I dette prosjektet vil innbyggjarar kunne bidra gjennom å ta i bruk ein smarttelefon-app for registrering av flaum og overvasshendingar. Dei kan òg dele data frå private vêrstasjonar. Slike tal er nyttige for dei naturvitskaplege klimaforskarane i prosjektet, som skal jobbe med å utvikle meir nøyaktige framskrivingar av klimaendringar for den enkelte kommunen.

Idè frå 2019

Idéen til prosjektet vart til under eit doktorgradskurs som Senter for klima- og energiomstilling (CET) ved Universitetet i Bergen heldt i samarbeid med Noradapt og andre partnerar hausten 2019. Der deltok òg medarbeidarar frå fleire av kommunane i prosjektet og fylkeskommunen.

Det nystarta forskingsprosjektet blir leia av Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking og skal gå over tre år. 

Les meir på nettsidene til Vestland fylkeskommune