Bokbyen vil ut i verda

Gruppe bokbytur
Frå venstre: Kjell Arve Straumsvåg, Anna Maria Urbaniak-Brekke, Randi Finne, Bård Huseby, Marianne Supphellen, Sandra Opheim, Torgeir Skålid, Ivar Petter Grøtte

Den norske bokbyen i Fjærland vil bli eit internasjonalt reisemål i framtida, slik forskarane hjå Vestlandsforsking har tilrådd i sin rapport. I august drog forskarar og sentrale norske bokby-folk til Storbritannia, Belgia og Nederland – på utkikk etter inspirasjon.

– Den norske bokbyen i Fjærland har store ambisjonar. Vi vil vise at sosial-, økonomisk-, og bærekraftig utvikling i lokalsamfunn er mogeleg gjennom utvikling av bokby-modellen, seier prosjektleiar Anna Maria Urbaniak-Brekke hjå Vestlandsforsking. Instituttet har stått i spissen for eit større europeisk bokbysamarbeid finansiert gjennom EU. Det gjorde at Fjærland kunne knyta tettare band til og dra stadig meir aktuelle vekslar på kunnskap og erfaringar frå andre.

 

BokbyGruppe på studietur
Gruppa frå Sogn møtte til dømes bokbyfolk frå Wigtown, ein skotsk landsby med 1000 innbyggjarar og 10 bokhandlarar.

22 bokbyar frå heile verda er medlemmer av The International Organisation of Book Towns, inkludert Fjærland og Tvedestrand. Bokbyen i Fjærland var ein av hovudaktørane då organisasjonen vart oppretta i 1998. Vestlandsforsking med partnarar utvikla eit EU-prosjekt saman, og organisasjonen var eitt av resultata. 

Bård kikar inn i bokhandelen
Bård Huseby var nysgjerrig på erfaringane i andre bokbyar.

 

Internasjonale vyer
Nokre av bokbyane greier seg økonomisk, medan andre slit.
– Vi har sett på fire europeiske bokbyar som har vore i kontinuerleg drift og kan vise til ei positiv utvikling gjennom mange år. Vi ville lære av dei, difor drog vi til Wigtown i Skottland og Sedbergh i England, Redu i Belgia og Bredevoort i Nederland, fortel prosjektleiaren. Ho var også treiseleiar for gruppa som ville observere, diskutere og få svar på mange spørsmål om både finansiering av drifta og tips til andre aktivitetar enn boksal.
– Vi fekk mykje inspirasjon og veldig bra internt samarbeid allereie på turen. Vi blei tekne imot av svært hyggelege folk som brenn for bøker og lokalutvikling: eigarar av bokbutikkar og organisatorar av kulturliv og festivalar. No jobbar vi vidare mot eit internasjonalt prosjekt som har som mål å løfte fram bokby-modellen i Europa, og på sikt i heile verden, seier ho.

Utvida tilbod og aktivitet
Tidlegare har Vestlandsforsking, med støtte frå Fylkeskommunen sin VRI4-ordning, hjelpt til med å identifisere følgjande mål som bør liggje til grunn for vidare utvikling:
1. Utvikle og tilby eit utvida teneste- og produkttilbod, som ikkje berre byggjer på sal av brukte bøker.
2. Være ein god og trygg arbeidsplass med økonomiske musklar til å fornye seg.
3. Vurdere utgangspunktet for å tilby aktivitetar heile året saman med andre reiselivsbedrifter i Fjærland.

Anna Maria fotograferer
Hjå den skotske bokbyen Wigtown kunne Anna Maria Urbaniak-Brekke gle seg over at veggpryden var eit motiv frå Fjærland.