Energi og transport

Energiforskinga ved Vestlandsforsking strekkjer seg over fleire tiår og omfattar både mobil energi (dvs. gods- og persontransport) og stasjonær energi (t.d. oppvarming av bustader). Hovudperspektivet er korleis vi kan redusere lokal ureining, få ned energibruk og redusere klimagassutslepp. Viktige tema er vilkår for auka produksjon av fornybar energi, vilkår for reduksjon av energiforbruket i samfunnet, og analyse av mekanismar som gjer at vinninga går opp i spinninga når ein set i verk energisparande tiltak (rebound-effekt).

Vi forskar òg på alternative drivstoff og køyretøyteknologiar, dvs. samfunnsmessige vilkår og barrierar for å fase inn ny teknologi og korleis denne teknologien påverkar helse og miljø. Noko av dette er dokumentert i ein database som viser energibruk og klimagassutslepp for person- og godstransport og for ulike drivstoff. Vi har òg forska på drivarar for energibruk og relaterte klimagassutslepp for transport, og på transportsystem i eit heilskapleg perspektiv.

Sidan 2011 har ein del av energiforskinga vore knytt til Centre for Sustainable Energy Studies (CenSES), eit nasjonalt forskingssenter for miljøvennleg energi med åtte forskingspartnarar: Samfunn- og næringslivsforskning (SNF), Institutt for energiteknikk, SINTEF, NHH, Universitetet i Oslo, Høgskulen på Vestlandet, og NTNU. Hovudmålet for senteret er å styrke forståinga av økonomiske, politiske, sosiale og kulturelle sider ved å utvikle og ta i bruk fornybar energi og miljøvenleg teknologi.

 

Publikasjonar

Prosjekt

Artiklar

  • Ung kvinne og middelaldrande mann smiler, ute

    Energimarknaden i Europa er i rask endring, og målet er at sol, vind og vatn skal overta hovudrolla innan midten av hundreåret. Med det vil òg risikobiletet endre seg. Ei ny tildeling på 12 millionar kroner gjer at Vestlandsforsking blir blant dei første som forskar på temaet.

  • banner med blå og kvit farge og tekst oppå: "Klimaomstiling2022" og datoen 26.-28. april

    Når den nasjonale konferansen #Klimaomstilling2022 igjen går av stabelen i Sogndal 26.-28. april, i fysisk format, er det med eit bakteppe av krig og politisk uro på europeisk jord. Situasjonen aktualiserer årets hovudtema: matsikkerheit og energiomstilling.

  • Foto

    Vi innbiller oss at alle flyr, men ny forsking viser at biletet er feil. Samtidig står ein elite på 1 prosent for rundt halvparten av dei globale utsleppa frå flyreiser.

  • Foto

    Små bygder på Vestlandet som vanlegvis tek imot cruiseskip, har hatt ein nokså annleis sommar i 2020. Også byar med cruisehamn har vore nesten utan anløp. No ynskjer Vestlandsforsking å finne ut korleis innbyggarane opplevde at cruiseturistane uteblei. Bur du på dei utvalde stadene? Då vil forskarane gjerne høyre ditt syn på saka.

  • Foto

    Alt før koronaviruset stod verda på vippepunktet – så kor går vegen ut av krisa? Forfattar og professor Dag O. Hessen er ein av hovudtalarane på årets utgåve av konferansen #Klimaomstilling, der Vestlandsforsking og Noradapt er blant arrangørane. Konferansen blir i år heildigital, med direktesending frå Sogndal 23. september.

  • Foto frå delegasjonreise til India

    Vestlandsforsking håpar på samarbeid med indiske forskarar i åra som kjem. I februar var professor Rajendra Akerkar deltakar på ei norsk delegasjonsreise til New Delhi og Chennai. Undervegs knytte han nye band og friska opp gamle.