1 prosent står for halvparten av klimautsleppa frå flyreiser

Foto
Estimata for flyreiser som Stefan Gössling har publisert, har ikkje tidlegare vore tilgjengelege. Han har difor bidrege til å gi oss eit verdifullt overblikk over kven som faktisk skapar mest av desse utsleppa.

Vi innbiller oss at alle flyr, men ny forsking viser at biletet er feil. Samtidig står ein elite på 1 prosent for rundt halvparten av dei globale utsleppa frå flyreiser.

Du har kanskje trudd at dei fleste flyr ein gong i blant, og at det å fly er «normalt»?

Ny forsking viser det motsette. Faktisk flyr dei fleste i verda ikkje i det heile tatt. Du og eg – vi som i vanlege tider flyr utanlands i alle fall ein gong i året, utgjer berre mellom 2 og 4 prosent av verdas befolkning.

Resten må berre tole konsekvensane av at vi likar å reise.

– Sjølv om næringa og lobbyistar framstiller flyreiser som noko «alle» driv med, er det å fly i realiteten eit luksusgode som få har tilgang på og som er enormt skeivfordelt i verda, seier Stefan Gössling ved Vestlandsforsking.

Fleirtalet er aldri i lufta

Forskaren har publisert heilt nye tal på kor mange som eigentleg flyr, og kor mange som sjeldan set sine bein på ein flyplass. Gössling si forsking viser at på verdsbasis er det store fleirtalet så godt som aldri i lufta – rundt 89 prosent. Snur vi på det, er det altså berre rundt 11 prosent som flyr. Tala er frå 2018, før pandemien som har redusert all reiseverksemd kraftig i 2020.

Når det gjeld internasjonale flyreiser, som utgjer det største problemet når det gjeld klimautslepp, er talet på verdsbasis så lågt som 2 til 4 prosent.

– I denne kategorien finn vi nok ein god del nordmenn, som i global målestokk er eit velståande folk – sjølv om vi ikkje har eksakte tal for Norge, seier Gössling.

Foto
Stefan Gössling er professor og har ei stilling som forskingskoordinator ved Vestlandsforsking.

Ikkje talfesta før

Dette er tal som ikkje har vore publiserte før, og mange har etterspurt dei.

– Dette er det spørsmålet eg har fått oftast av journalistar gjennom åra, seier Gössling.

Vegen fram til desse tala er langt frå enkel. For å få eit globalt anslag, har forskarane henta inn og sett saman tal frå mange ulike kjelder. I tillegg har dei delt verda inn i sju område, gjort utrekningar for enkeltland og studert det som finst av kjelder på individnivå. Dei har altså både brukt flyindustrien sine eigne statistikkar, oversikter frå internasjonale organisasjonar og ulike nasjonale spørjeundersøkingar.

 

Ein prosent er «verstingar»

Sjølv om han ante at skeivfordelinga av flyreiser var grov, er Gössling nokså rysta over tala han har forska fram. Dei han verkeleg synst vi bør snakke om, er ikkje deg og meg, men den eine prosenten som står for halvparten av utsleppa frå flytransport. Ein av desse rike jetsettarane bidreg (berre gjennom høg fly-aktivitet) 225.000 gonger så mykje til global oppvarming som ein av jordas fattige.

Men kven er dei? Gössling har tidlegare «stalka» superkjendisar som Paris Hilton på sosiale medium for å kartlegge kor mykje dei reiser (som viste seg å vere 1000 gonger meir enn «folk flest»). Andre døme er folk som Petter Stordalen, Bill Gates eller Hillary Clinton. I løpet av fire år som utanriksminister skal Clinton ha flydd så mykje at det tilsvarte 38 rundar kring jordkloden.

– Problemet med denne gruppa er at dei kombinerer lange og mange flyreiser med å eige mange digre hus, reise med privatfly og ha eit skyhøgt forbruk, milevis unna det fleirtalet av verdas befolkning kan, seier Gössling.

Versting-kategorien rommar òg ein del meir «vanlege» folk.

– Det viser seg å vere nok at ein flyr meir enn ein gong i månaden eller tre gonger i året til USA eller Asia. Målt i avstand snakkar vi om folk som flyr over 55 000 km i året. Ser ein slik på det, hamnar nok dei fleste politikarar i versting-kategorien i eit normalår.

Raskt veksande

Foto
Hans Jakob Walnum, forskar ved Vestlandsforsking

Når det gjeld klimautslepp, betyr biletet forskaren teiknar at det store fleirtalet i verda ikkje kan tilskrivast ansvar for flyreiser som utsleppskjelde.

Ser ein på dei samla utsleppa av klimagassar i verda, utgjer flyreisene 4 prosent. Enkelte vil synast det er lite, men likevel veks desse utsleppa raskt i rike land som Norge. I tillegg finst det ei «skuggeside» i vekst, beståande av privat og militær flyging, som fell utanfor strategiar for klimakutt.

– Ser vi på norske reisevanar før korona-pandemien, medrekna utanlandsreiser, utgjorde klimagassutslepp frå fly faktisk mesteparten av nordmenn sine transportutslepp, seier Hans Jakob Walnum, forskar ved Vestlandsforsking.

Ikkje rettferdig overfor fattige

Foto
Benjamin K. Sovacool, professor II ved Vestlandsforsking.

Benjamin Sovacool er professor i energipolitikk ved University of Sussex Business School i Storbritannia og har ei stilling ved Vestlandsforsking. Han synst Gössling illustrerer eit faktum som er kjent, men likevel vesentleg: at dei rike spelar ei langt større rolle i å skape klimagassutsleppa enn verdas fattige. Samtidig er det dei fattige som blir råka først og hardast av ekstremvêr og andre utslag av klimaendringar.

– At ein prosent står for minst halvparten av utsleppa frå flyreiser, gjer at vi må tenke heilt nytt om korleis vi skal greie overgangen til låg- og nullutslepp i transportsektoren. Vi må ta inn over oss elitane sitt ansvar og vi må få på plass system som er langt meir rettferdige, slår Sovacool fast.

Å bli meir ansvarleg kan vere nokså enkelt. Hadde dei rikaste og mest reiseglade av oss berre halvert reisinga si med fly, ville utsleppa frå flyreiser nemleg ha gått ned med heile 25 prosent.

– I staden for 50 gonger per år, bør dei fly 25 gonger. Det ville faktisk monne ein hel del, seier Stefan Gössling.

 

Den vitskaplege artikkelen av Stefan Gössling, som ligg til grunn for denne nyheitssaka, finn du her

Teksten er skriven av Idun A. Husabø, kommunikasjonsansvarleg ved Vestlandsforsking