Krig og klimakrise – kva skjer med tilgangen på mat og energi?

banner med blå og kvit farge og tekst oppå: "Klimaomstiling2022" og datoen 26.-28. april
Den årlege, nasjonale konferansen #Klimaomstilling blir arrangert i fysisk format i Sogndal 26.-28. april 2022. Bak konferansen står ein brei, regional partnarskap innan klimaarbeid i Vestland.

Når den nasjonale konferansen #Klimaomstilling2022 igjen går av stabelen i Sogndal 26.-28. april, i fysisk format, er det med eit bakteppe av krig og politisk uro på europeisk jord. Situasjonen aktualiserer årets hovudtema: matsikkerheit og energiomstilling.

Krigen i Ukraina er omtalt som ein “game changer” - eit lynnedslag som endrar det meste. Det gjeld òg klimaomstillinga verda er i gang med. 

Trugar forsyninga av mat og energi

Der vi frå før var urolege for kva klimaendringar og høge drivstoff- og kunstgjdøselprisar kunne gjere med norsk matsikkerheit, fryktar vi brått konsekvensane av ein krig mellom Europas største kornprodusentar - med fare for atomulykker – på toppen av stigande matprisar og klimarelatert risiko.

bilde av ambassade og bil framfor med nødhjelp til ukraina
Ein lastebil blir fylt med naudhjelpsutstyr framfor Ukrainas ambassade i Sveits. (Foto: Wikimedia Commons)

At Russland og Ukraina er i krig, endrar òg mykje når det gjeld energimarknaden i Europa. Dagens skyhøge straumprisar vil truleg auke andå meir, og gje endå dyrare kunstgjødsel og difor dyrare mat. Vi står framleis midt i ei klima- og naturkrise vi må handtere raskt, men brått gjeld det òg å frigjere seg frå russisk gass. Kan krigen trass alt sparke i gang ei reell satsing på energisparing og få fart på omstillinga til grøn energi?

– Klimaendringane har alt gjort desse verdikjedene svært sårbare, og når ein på toppen får ein øydeleggande krig, blir situasjonen endå meir sårbar, seier Carlo Aall, leiar for Norsk senter for berekraftig klimatilpassing, Noradapt.

Tilbake til konferansesalen

Trass i det mørke bakteppet, er entusiasmen stor for å møtast fysisk etter to år med pandemi og skjermbaserte løysingar. 

Årets konferanse i Sogndal går over to dagar, 27.-28. april, med ein innleiande ekskursjon om mattryggleik og klima 26. april. Den første dagen vil mat og klima vere hovudtema, og det blir både plenumsinnlegg og parallellsesjonar. Den andre dagen av konferansen har energiomstilling som tittel. Alle innlegga i plenum blir strøyma, slik at digitale konferansedeltakarar kan sjå dei medan dei blir framførte, og seinare i opptak.

– Vi ser verkeleg fram til å samle folk i ein sal igjen, slik vi diverre ikkje kunne verken i 2020 eller i 2021, seier Tone Rusdal ved Vestlandsforsking, som har stått for planlegging av konferansen saman med representantar for den regionale partnarskapen på klimaområdet.

Mat, klima - og krig

Mann i dress, eldre, med lytteutstyr frå FN, klappar
Tidlegare FAO-ambassadør for Norge, Inge Nordang

Blant namna i årets program finn du Inge Nordang, som tidlegare representerte Noreg i FNs mat- og jordbruksorganisasjon, FAO. Nordang har engasjert seg i humanitære spørsmål knytt til svolt, ernæring, global mattryggleik og konfliktar. På #Klimaomstilling2022 vil han ta for seg korleis svolt og underernæring kan eksistere i ei verd som faktisk har eit overskot av mat, kva klimaendringar kan gjere med matproduksjon og korleis konfliktar verkar inn på den skjøre balansen.

Du møter elles Arne Bardalen, spesialrådgjevar ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio), som har solid kjennskap til landbrukssektoren. Bardalen drøftar korleis internasjonale prosessar, til dømes handel eller konflikt, kan verke inn på norsk mattryggleik. Han kjem òg inn på korleis vi kan gjere oss mindre avhengige av sårbare, globale verdikjeder. 

Energiframtida vår

Sjølv om mykje kjennest uvisst om energimarknaden i Europa akkurat no, kan vi slå fast at vi står overfor store endringar, med den akutte klimakrisa som ei stadig viktigare drivkraft for omstilling. 

Blant dei som skal snakke om energiomstilling 28. april, finn vi professor i fornybar energi ved NMBU, Torjus Bolkesjø. Han forskar på energiomstilling i Norge og Europa, og jobbar mellom anna med framtidsscenario for energiproduksjon og energiprisar.

Mann i skjorte og genser ser i kamera
Torjus Bolkesjø, NMBU

Bolkesjø skal snakke om dei kraftige prishoppa vi har opplevd den siste tida. Var det venta at energiprisane skulle svinge så mykje på så kort tid? Korleis kan vi vente at framtidas energiprisar oppfører seg? Når energimarknaden i tillegg er truga av krig i Europa, vil framtidas energitilgang bli endå meir usikker enn den alt var.

– Krisene vi opplever no, har gjort at verda rykker 20 år frem i tid når det gjeld energiprisar: Vi har no fått det prisnivået vi trudde vi skulle få etter den store utbygginga av fornybar energi som må kome, kombinert med at vi må skru att olje- og gasskrana, seier Carlo Aall i Noradapt og Vestlandsforsking.

Program for #Klimaomstilling2022