Rapport
Id:
2007-4

Vestlandsforsking har kartlagt ei rekkje problemstillingar knytt til fire norske fylkeskommunar som har innført parlamentarisme som politisk styreform. Vi har sett nærare på innbyggarane sin kunnskap og haldningar til fylkeskommunen. Det er gjennomført telefonintervju med eit utval frå befolkninga i fylka som har parlamentarisme og i kontrollfylke som vert styrte etter formannskapsmodellen. Det vert sett på som viktig å oppretthalde og å styrke legitimiteten til det regionale folkevalde nivået, og dette vil truleg vere ein viktig diskusjon i utforminga av eit ev. endra regionalt nivå i den norske forvaltninga frå 01.01.2010.

Vidare har vi studert media si framstilling av fylkeskommunen, og sett søkelyset på om det er ei anna mediedekning av regionnivået når ein innfører parlamentarisme. Det er gjennomført ei undersøking av lokal-/regionaviser si dekning av fylkeskommunen. I Nordland vart det i 2002 gjort eit liknande arbeid av Høgskolen i Bodø, og det ligg difor føre eit godt og samanliknbart datagrunnlag å vurdere våre resultat opp i mot.

Kommunane, regional stat, næringslivsorganisasjonar og interesseorganisasjonar arbeider tett på fylkeskommunen. Kommunane og fylkeskommunane er viktige delar av offentlig sektor, og samspelet mellom regionale aktørar vert vurdert. Det er gjennomført telefonintervju med representantar for kommunar, næringsliv og interesseorganisasjonar for å finne fram til partane sine samarbeidserfaringar med fylkeskommunen.

Elles er fylkespolitikarane sine erfaringar med, og vurdering av, den nye politiske styringsforma sentral i undersøkinga. I tillegg til eit eige spørjeskjema til fylkestingsmedlemane, er politikarar og administrasjonen i fylkeskommunane intervjua.