Parlamentarisme som styringsform på regionalt nivå

Vestlandsforsking skal kartlegge problemstillingar og fokusområde knytt til fire norske fylkeskommunar som har innført ei parlamentarisk styringsform. For det første skal vi sjå nærare på legitimitet, kunnskap og haldingar til styreforma hjå innbyggarane. Vidare skal vi vurdere om det er ei anna mediedekning av regionnivået ved parlamentarisme. Det skal gjennomførast ei undersøking av lokal-/regionaviser si dekning av fylkeskommunen. KS ønskjer vidare at vi ser nærare på fylkeskommunen sine samarbeidspartar, og nemner spesielt stat, næringslivsorganisasjonar, interesseorganisasjonar. Fylkespolitikarane sine erfaringar med og vurdering av ei ny politisk styringsform står elles sentralt i undersøkinga.
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
KS
Prosjektnummer:
6041
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Publikasjon(ar):