Kva meiner turistane om kart og online booking? Brukarundersøkelse

Notat
Id:
2005-08

Notat oppsummerar resultat frå brukartesting og brukarundersøkingingar knytt til portalen Sognefjord.no og einskilde hotelløysingar. Intervjua og brukartestane er gjennomført saman med hotella i Hotellgruppa i Sogn og turistinformasjonane i området. Totalt har det vore gjennomført 41 spørjeskjemaintervju og brukartestar for kart, kartintegrasjon og bookingløysingar.

Testinga i 2005 konsentrerte seg om nye område med meir utfordrande tekniske løysingar enn i 2004. Sjølv om brukarane klart uttrykkjer begeistring for design og det rimeleg fyldige innhaldet, er det også klare tilbakemeldingar om behov for å vidareutvikle og optimalisere fleire funksjonar. Kartmodulen er velkommen, men treng forenkling. Brukarane vil gjerne ha digitale kartløysingar, men meistrar ikkje heilt bruken.

Testane av bookingløysingar viser at testarane ønskjer eit utval ulike tenester. Bookingløysingane må dekke behova hjå sommarturistar som er ei særs viktig målgruppe i Sogn.