Verdiskapande kundeopplevingar i kulturdestinasjonen Sunnfjord

Kulturturisme er ein internasjonal trend i sterk vekst og Norge skal bli ein kulturdestinasjon innan 2030. Sunnfjord har potensiale for å utvikle seg som kulturdestinasjon. Her finst kulturopplevingar av høg kvalitet i form av kunst, musikk, teater og kulturarv. Likevel er det behov for at dei om lag 200 000 turistane som overnattar i Førde blir lenger, opplever meir og kjem på besøk heile året. Målet til prosjektet er å designe heilskaplege kundeopplevingar som bidreg til berekraftig verdiskaping på tvers av tre sektorar. Med kulturtilboda som drivkraft skal det etablerast tettare samarbeid om kundeforståing, designutvikling, og nye produkt og tenester. Samhandlinga mellom kultur, reiseliv og handel skal føre til innovasjonar som gir fleire besøkande, lengre opphald, meir inntening per besøkande og meir gjenkjøp.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Norges forskningsråd
Sparebanken Vest
Sunnfjord Utvikling
Prosjektnummer:
6551
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar: