Travelistics – kartlegge, pilot-teste og planlegge system for styringsinformasjon for reiselivet

Reiselivsnæringa har behov for betre kunnskapsgrunnlag for planlegging, for å måle effektar av tiltak og prioritere avgrensa ressursar på ein betre måte. Fylkestinget i Sogn og Fjordane har og i den nyleg vedtekne reiselivsplanen gjort det klart at det trengst meir og betre statistikk. Meir komplett, raskare oppdatert og betre tilgjengeleg styringsinformasjon er prioritert av både næringa, tiltaksapparatet og forskingsmiljø.

Desse partnerane har derfor gått saman om eit prosjekt for å klargjere grunnlaget for ei vidare større satsing. Den teknologiske utviklinga gjev nye mulegheiter for å løyse behova. Sosiale media og web 2.0 forandrar måten me brukar internett og korleis me kan kople data frå ei rekkje kjelder. Det opnar for individuelt tilpassa, kontinuerleg oppdatert og lettare tilgjengeleg styringsinformasjon basert på ein kombinasjon av eksisterande data, nye data og fleire kjelder og tema enn i dag. For å oppnå dette må det gjerast nybrottsarbeid med «opne data», og analyse- og visualiseringverkty. Hovudbehova er identifisert, men det har ikkje vore gjennomførd ei grundig kartlegging av kva data som trengs, kva detaljgrad som trengs, kva som er praktisk mogleg å samle inn, og korleis det kan samlast inn gjennom å nytte det betydelege potensialet i dei nye IKT-teknologiane.

I tillegg er det behov for å prøve ut korleis data kan gjerast tilgjengeleg på ein måte som tilfredsstiller dagens krav til fart (snøgg levering), fleksibilitet og tilpassing (til den enkelte brukar sine informasjonsbehov) og til dynamisk oppdatering. Kvalifiseringsprosjektet omfattar behovskartlegging og metodeutprøving. Arbeidet vil vise detaljert kva det er behov for, kven som har behova, korleis og i kor stor grad dei kan dekkast gjennom nye metodar bygd på IKT-tenester og verktøy for tilgjengeleggjering og formidling. Kvalifiseringsprosjektet skal pilotteste og vurdere på kva måte ei større felles satsing for heile Vestlandet kan etablerast i eit framtidig hovudprosjekt.

Lenkjer:

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Regionalt forskingsfond Vestlandet
I samarbeid med:
Reisemål Stryn og Nordfjord, Visit Sognefjord
Prosjektnummer:
6237
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar: