Teknoløft Sogn og Fjordane

TEKNOLØFT Sogn og Fjordane skal utvikle, styrke og næringsrette forskingsmiljøa ved Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking med auka kapasitet og kompetanse innan digitalisering og automatisering, og gjennom det gjere fou-miljøa meir relevante for næringslivet i Sogn og Fjordane.

Prosjektet har som målsetting å auke næringslivet sin bruk av forsking til utvikling og innovasjon, og stimulere til samarbeid med nye nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar. Hovudsatsingane i prosjektet er å legge til rette for meir stegvis automatisering med robotar i små og mellomstore bedrifter, og å næringsrette og utvikle eit sterkt kompetansemiljø innan Big Data som kan gjere næringslivet betre i stand til å bruke eksisterande og nye data til innovasjon og omstilling. Satsinga skal auke toppkompetansen i FoU-miljøa, og utdanne nye doktorgradsstipendiatar på næringsrelevante problemstillingar. Prosjektet vil utvikle nye etter- og vidareutdanningstilbod og ei ny masterutdanning innan robotikk og digitalisering for å auke tilgangen på relevant og kompetent arbeidskraft for næringslivet i fylket. Satsinga skal bidra til omstilling og åtferdsendring i næringslivet, og ein vesentleg del av prosjektet er retta inn for å dele kunnskap, problemstillingar og kompetanse i samarbeid mellom fou-miljø og næringsliv og til brubygging mot nasjonale og internasjonale fou-miljø.

Det vil vere eit særleg fokus på samarbeid med IT-verksemder som ligg langt framme innan digitalisering av produksjon og tenesteyting, produksjonsnæringar og energibransjen.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Forskningsrådet
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
I samarbeid med:
Høgskulen på Vestlandet (hovudprosjektleiar)
Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane
Sintef
Verksemder i Sogn og Fjordane
Prosjektnummer:
6490
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Aktuelt:
  • Aktuelt
    ""

    Forskingsmiljøa ved HVL og Vestlandsforsking er tildelte opp mot 28 millionar i støtte frå Forskingsrådet til eit prosjekt om digitalisering, automatisering, robotikk og stordata.