Digitalt printnettverk av internasjonal klasse
I 2018 skipa verksemdene Avery Dennison NTP (Luster), Digital Etikett (Luster) og Printfarm.no (den digitale satsinga til Skrivargarden, Årdal) eit bedriftsnettverk støtta av Innovasjon Norge. Alle tre verksemdene ligg langt framme når det gjeld digitalisering, og dekkar ulike segment i marknaden, slik at dei kan utfylle kvarandre. Målet er vidare vekst, og å bli best i Norden innan digital printing. Vi ønskjer å følgje dette nettverket over tid og gjere analysar knytt til sentrale funksjonar i bedriftsnettverk og utfordringar ved lokalisering i distrikta. Dette er ei naturleg oppfølging av våre tidlegare undersøkingar av ITetableringar utanfor sentrale strøk, der fem bedrifter vart brukt som case.