Operasjonalisering av berekraftig reiseliv og geoturisme i Arena Innovativ Fjordturisme

Litt om publikasjonane frå prosjektet:

  • "Håndbok for bærekraft i reiselivet" er sluttresultatet av prosjektet, og en vegviser til korleis ein kan komma i gang med arbeidet mot meir berekraft i ei reiselivsbedrift. NCE  skal også produsere ein brosjyre som vil bli lagt ut på deira nettside
  • "Arbeidsbok for bærekraft" er forløparen til "Håndbok for bærekraft i reiselivet", og viser arbeidsprosessen som berekraft-pilotane har vore gjennom. Arbeidsboka viser ein del teori og bakgrunnshistorie til berekraftig reiseliv
  • "Oversikt over internasjonale sertifiseringsordningar" av prosjektmedarbeidar Hanna Nyborg Storm, gir ei innføring i ulike internasjonale sertifiseringsordningar
  • "Sluttnotat: Operasjonalisering av bærekraftig reiseliv og geoturisme" oppsummerer arbeidet som er gjort i ARENA Innovativ fjordturisme.

Samandrag av prosjektet:

Operasjonaliseringen av berekraftig reiseliv og geoturisme i ARENA IF skal gjerast for å:

  • Sørge for meir styringsrelevant informasjon for bedrifter, destinasjonar og reiselivsstyresmakter enn dagens styringsverktøy kan tilby når det gjeld å utvikle norsk reiseliv meir i tråd med målet om berekraftig reiseliv og prinsipp for geoturisme.
  • Bidra til å skape endring på bedrifts-, reisemåls- og Fjord Norge-nivå slik at ein kan tilpasse produktutvikling og marknadsføring til målet om berekraftig reiseliv og prinsipp for geoturisme.

Vidare bør operasjonaliseringa av berekraftig reiseliv og geoturisme i ARENA IF bidra til å styrke det nasjonale strategiske arbeidet med produktutvikling og profilering av reiselivet knytt til omgrepa berekraftig reiseliv og geoturisme.

Det er mange eksempel på operasjonalisering av berekraftig reiseliv og liknande omgrep, i ulike variantar av sjekklister og indikatorsystem. Vi vil fokusere på internasjonale og nasjonale erfaringar med operasjonalisering av berekraftig reiseliv, økoturisme og geoturisme.

Startdato:
Sluttdato:
Prosjektnummer:
6141
Aktuelt:
  • Forskingssenter for berekraftig reiseliv har nettopp avslutta prosjektet ARENA Innovativ Fjordturisme (no NCE) som er gjennomført i løpet av dei siste tre åra.