Sogn og Fjordane har gjennom tidlegare deltaking i internasjonale IKT-, kart- og internettbaserte prosjekt fått mykje kunnskap innan dette fagfeltet. Med dette prosjektet ynskjer ein å utvikle eit felles system for tilgang til geografisk eller geografisk relatert kunnskap i Nordsjøregionen. Målsettingane er m.a. 1. Spesifisere kva ressursar som er naudsynte, samt kva ressursar ein kan pårekne å disponere i Sogn og Fjordane 2. Val av tema for demonstrasjon av potensialet i den felles kartmodulen 3. Få identifisert kritiske suksessfaktorar for gjennomføringa av NSGW 4. Etablering av eit internasjonalt konsortium av tekniske/tematiske partnerar som kan stå for gjennomføringa av prosjektet. 5. Ferdig prosjektsøknad til Interreg IIIB
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Kommunal- og regionaldepartementet, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Prosjektnummer:
5198
Prosjektleiar:
Forskingsleiar TekSam
Prosjektmedarbeidarar: