Klimaverktøy for kommuneplanleggjarar

Vestlandsforsking utviklar i samarbeid med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Sogn og Fjordane eit interaktivt, nettbasert klimaverktøy for kommuneplanleggjarar. Arbeidet er finansiert av Norges Forskingsråd sitt KLIMAFORSK-program.

Naturhendingar kostar samfunnet store summar kvart år, og klimaendringane gjer biletet meir alvorleg. God planlegging frå kommunane si side kan gjere samfunnet tryggare. Tanken med å utvikle eit klimaverktøy for planleggarane, er å utvikle ein grunnstruktur dei kan støtte seg på når dei skal kartlegge klimarisiko og klimasårbarheit, slik plan- og bygningslova krev. Forsking på kommunal arealplanlegging og naturskadehendingar viser òg at slike analysar er nødvendige for å unngå naturskade, men at dei ikkje alltid blir gjennomførde med høg nok kvalitet.

Interaktivt klimaverktøy

Det som Vestlandsforsking og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane skal utvikle i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane, kan forklarast som eit interaktivt verktøy som integrerer omsynet til klimaendringar i analysar av risiko og sårbarheit (ROS). Det ferdige verktøyet skal vere fritt tilgjengeleg og liggje på ein statleg nettportal, og det skal ikkje koste noko å bruke det.

Sikrar at alt blir tenkt på

Når dette verktøyet blir nytta som eit underlag for ROS-prosessen, sikrar det at planleggaren kjem innom alle nødvendige vurderingar når det gjeld å kartlegge klimarelatert risiko og sårbarheit. Klimaverktøyet skal òg bidra til å redusere avstanden mellom planleggjaren og relevante nettressursar. Den som brukar verktøyet vil få oversikt over relevante karttenester, klimaframskrivingar, temarettleiarar og forskingsbaserte kunnskapskjelder.

Hjelp til klimatilpassing

I sum er målet å gjere prosessen med å kartleggje risiko og sårbarheit meir oversiktleg og overkommeleg for dei som utfører han og sikre at planleggaren har teke omsyn til måten klimaet endrar seg på. Slik får kommunane noko av hjelpa dei lenge har etterlyst til å konkretisere, operasjonalisere og kome i gang med klimatilpassing.

Finansiering: Noregs Forskingsråd (Klimaforsk), FMSF og HiSF (eigeninnsats).

Prosjektdeltakarar - andre institusjonar: Eline Orheim og Haavard Stensvand (Fylkesmannen i Sogn og Fjordane), Eli Heiberg og Lisbeth Dahle (Høgskulen i Sogn og Fjordane)

Referansegruppe: NVE, Miljødirektoratet, DSB, KS, Fylkesmannen i Troms og Skedsmo kommune

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Norges forskningsråd
Prosjektnummer:
6390
Prosjektleiar:
Forskar og kommunikasjonsansvarleg
Prosjektmedarbeidarar: