Testing av klimaverktøyet - tilbakemeldingar på demo frå planleggarar og konsulentar
Klimaverktøy-prosjektet (2015-2017) er finansiert av Norges forskningsråd (KLIMAFORSK) og handlar om å utvikle ei digital løysing for å gjennomføre risiko- og sårbarheits-analysar (ROS-analysar) i arealplanlegginga. Verktøyet tek utgangspunkt i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sin rettleiar Samfunnssikkerhet i kommunenes arealplanlegging – metode for risiko- og sårbarhetsanalyse i planleggingen.
Gjennom verktøyet får brukaren mellom anna tilgang til rettleiingsmateriale for gjennomføring av ROS-analysar og forskingsbasert kunnskap om korleis klimaendringane påverkar risiko og sårbarheit. Verktøyet hjelper òg brukaren med å gjere alle nødvendige vurderingar. Testing på representantar for målgruppa er ein viktig del av prosjektet. For å få prøvd ut tilnærminga på målgruppa, har vi utvikla ein demonstrasjonsversjon (demo) av korleis den digitale ROS-løysinga kan sjå ut. Demoen tek for seg tre viktige ROS-tema som vil bli påverka av klimaendringane – flaum, stormflod og brann. Brukaren blir leia gjennom ei løype av spørsmål samtidig som ho eller han kan lese rettleiingstekst, relevante døme og klikke seg til eksterne ressursar.
Vi har fått ni kommunar, to konsulentfirma og eit interkommunalt brann- og redningsselskap til å prøve ut og gje tilbakemeldingar på demoen. Dette har Vestlandsforsking og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjort i samarbeid med fylkesmannsembeta i Troms og Oppland. Opplegga har stort sett følgt den same malen, med ein introduksjon på om lag 1 time, utprøving i par eller små grupper og tilbakemeldingar. Innspel, observasjonar og refleksjonar frå testinga er oppsummerte i dette notatet. Våre tilrådingar for den vidare utviklinga av klimaverktøyet (den digitale ROS-tenesta) byggjer på konklusjonar vi har trekt etter testinga.