Vegen vidare. Detaljerte tilrådingar for vidare utvikling av eit digitalt ROS-verktøy

Av:
Notat
Id:
2017-8

Klimaverktøy-prosjektet har som hovudmål å bidra til betre samfunnstryggleik og meir effektiv planlegging i kommunane gjennom å gjere det enklare å utføre ein grundig risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) etter § 4-3 i plan- og bygningslova. Kvaliteten på ROS-analysane er svært varierande, og tek i ulik grad omsyn til korleis klimaendringane kan påverke risikobiletet.

Vi har gjennomført prosjektet i tett dialog med Direktorat for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), som er fagmynde innan samfunnstryggleik og beredskap. ROS-verktøyet som er utvikla i prosjektet, bygger difor på DSB sin nye rettleiar for ROS-analysar i arealplanlegging Samfunnssikkerhet i kommunenes arealplanlegging – metode for risiko- og sårbarhetsanalyse i planleggingen. ROS-verktøyet (også kalla «klimaverktøyet») som prosjektet har lagt det konseptuelle og innhaldsmessige grunnlaget for, samlar det som finst av rettleiing og kunnskapsgrunnlag for ROS-analysar og sikrar at det er lett tilgjengeleg for brukaren. I dag er desse faglege ressursane spreidde på nettsidene til ei rekkje ulike fagmynde slik at dei som utfører ROS-analysar brukar unødig mykje tid på å orientere seg. Ein fordel med ROS-verktøyet er at brukaren lett finn fram til viktig materiale undervegs i arbeidet, mellom anna om ulike typar klimapåslag. I tillegg gir verktøyet kontinuerleg rettleiing om korleis ein fyller ut DSB sitt analyseskjema for uønskte hendingar (tilrådd ROS-metodikk). I tillegg kjem lenkjer til relevant informasjon, rettleiing og forskingsbasert kunnskap. Brukartesting på representantar for den tenkte målgruppa har vore ein viktig del av prosjektet (sjå VF-notat nr. 7/2017). Til dette føremålet har vi utvikla ein demonstrasjonsversjon (demo) av verktøyet som viser korleis delar av den framtidige tenesta kan sjå ut. I tillegg til å prøve demoen, fekk testpersonane forklart korleis den framtidige løysinga er tenkt å sjå ut og fungere. I dette notatet legg vi fram detaljerte tilrådingar for utviklinga av det framtidige, digitale ROS-verktøyet. Tilnærminga byggjer på prosjektmedarbeidarane sine idear og på forslag til justeringar frå brukartestinga. Notatet vil vere eit nyttig kunnskapsgrunnlag for dei som skal ferdigstille verktøyet.