Klimaendringenes konsekvenser for kommunal og fylkeskommunal infrastruktur
Prosjektet skal greie ut kva konsekvensar klimaendringane kan få for kommunal og fylkeskommunal infrastruktur og vurdere kva strategiar og tiltak kommunesektoren kan sette inn for å møte desse utfordringane. Ambisjonane i prosjektet er å utvikle eit løysingsorientert kunnskapssystem for korleis kommune-Norge kan handtere utfordringar knytt til klimaendringar og infrastruktur. I alt fem temaområde vil bli dekt:
1. Arealforvaltning
2. Bygg
3. Vassforsyning og avløpshandtering
4. Transport og transportinfrastruktur
5. Kraftoverføring og elektronisk kommunikasjon.
Arbeidet vil mellom anna gå ut på å systematisere eksisterande kunnskap, studere moglege konsekvensar av klimaendringar på kommunal infrastruktur basert på ulike klimaframskrivingar og vurdere samanhengar mellom konsekvensar og risiko og mellom samfunnsendring og klimaendring. Vidare skal vi peike på effektive klimatilpassingstiltak og vurdere forutsetningar og barrierer for kommunesektorens arbeid med klimatilpassing.
KS: Nye råd om hvordan komme i gang med klimatilpasning
Statens klimatilpasningssekretariat har lagt ut ei rekkje faktaark basert på prosjektet. Desse finn du her: Klimatilpasning i kommunane.
Klimatilpasning Norge har også laga eit samandrag av konklusjonane i rapporten ”Klimaendringenes konsekvenser for kommunal og fylkeskommunal infrastruktur” utarbeidd av Vestlandsforsking, SINTEF og Bjerknessenteret for KS FoU.
Medieoppslag:
Norske bygg for dårlige for dagens klima, Aftenposten 20.09.2011
Mye nedbør forårsaker skader, Dagsrevyen, 19.09.2011
Klimatilpasning i kommunene, Oppslag på nettsida til Miljøverndepartementet 28.03.2012