Forskingsbasert kompetansemegling for kulturnæringane i Sogn og Fjordane og Hordaland

Norges forskningsråd har gitt Vestlandsforsking og Christian Michelsen Research AS i oppdrag å utvide arbeidet med forskningsbasert kompetansemegling til å ha meir fokus på bedrifter innan kultur- og opplevingsbaserte næringar. Erfaringar frå arbeid med denne type næring er at det kan være vesentlege utfordringar når det gjeld å få støtte til bedriftsprosjekt innafor kultur- og opplevingsnæringar gjennom tradisjonelle verkemiddel. Spesielt gjeld dette nettverksprosjekt.  Gjennom dette prosjektet blir det stilt tilråde midlar til bedriftsprosjekt gjenom dei regionale prosjekta. Målsettinga er å prøve ut ei ordning med tilrettelagde midlar til kjøp av Fou-kompetanse i bedriftsprosjekt. Prosjektet er eit samarbeid mellom Hordaland og Sogn og Fjordane.

Hovudmålet er å drive ei forskingbasert kompetansemeklarteneste for kulturbasert næringsutvikling i Sogn og Fjordane og Hordaland. Prosjektet har følgjande spesifikke delmål:

  1. Rekruttering av kultur og naturbaserte bedrifter, bedriftsbesøk og definering av behov for FoU-kompetanse
  2. Etablere +/-4 bedrifts- eller nettverksprosjekt
  3. Kunnskaps- og erfaringsoverføring mellom Sogn og Fjordane og Hordaland
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Hordaland fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Christian Michelsen Research
Prosjektnummer:
6058
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Forskingsleiar TekSam