Digital Age in Rural and Remote Areas - DARRA

DARRA-prosjektet skal minske det  digitale skiljet som eksisterer i partnerregionane ved å fremje bruk av IKT i små og mellomstore bedrifter (SMB) og i offentleg sektor og dermed betre den generelle regionale konkurranseevna. DARRA-prosjektet rettar seg mot perifere regionar dvs. geografiske utkantområde. DARRA-prosjektet kapitaliserer resultatet frå BIRRA-prosjektet som fleire av partnar-regionane har delteke i. Det digitale skiljet er eit handikap både inter- og intraregionalt og er ein indikator for kor perifer regionen er.

DARRA-prosjektet vil utvikle ein visjon for år 2013 med omsyn til korleis IKT påverkar livsstilen i perifere og spreidd befolka regionar. Denne visjonen skal vere ein guide for utvikling av IKT-strategiar i desse perifere regionane. E-Ladder-modellen utvikla i BIRRA-prosjektet vil danne grunnlag for å ta eit steg vidare i utviklng av verksemder i regionen. Handlingane i prosjektet vil føre til auka merksemd og opptak av IKT i bedrifter og offentleg sektor i regionane. Deltakande regionar er i tillegg til Sogn og Fjordane, Lapland og Kainuu i Finland, Västernorrland i Sverige, Donegal i Nord-Irland (UK) og Mid West region i Irland.

Startdato:
Sluttdato:
Prosjektnummer:
6122
Prosjektleiar:
Forskingsleiar TekSam
Prosjektmedarbeidarar: