Tone
Rusdal
tilsett
Stillingstittel:
Trainee
Akademisk tittel:
M.Sc.
Telefon:
Tilsett:
01.08.2018

Tone Rusdal har ein mastergrad i klimaendringar frå Københavns Universitet med tverrfagleg fordjuping innan klimatilpassing og berekraftig utvikling.

Ho har ein bachelorgrad  i fornybar energi frå dåverande Høgskulen i Sogn og Fjordane, med fokus på transport og arealplanlegging. Tone si masteroppgåve, med tittelen «Socio-Technical Transformations in a Developing Country: A case study of Climate-Smart Agriculture in Ghana»,  vart skriven i samarbeid med forskingsprogrammet Climate Change, Agriculture and Food Security, og undersøkte skjæringspunktet mellom tekniske løysingar og klimapolitikk i jordbrukssektoren i Ghana. I studietida har Tone opparbeida seg kompetanse innan naturressursforvaltning, biokjemi og grøn omstilling.