Agnes Brudvik
Engeset
tilsett
Stillingstittel:
Forskar
Telefon:
Tilsett:
2008

Agnes har arbeidd som forskar ved Vestlandsforsking sidan 2008. Forskingsfelta er rural turisme, fritid og fritidsforbruk og berekraftig reiseliv. I 2021 avla Agnes ein doktorgrad innan rural turisme ved Institutt for geografi på NTNU. Avhandlinga tek for seg korleis gardsturisme og distriktshotell tilpassar seg endringar i reiselivet med særleg vekt på overlevingsevna i familieeigde verksemder.

Tidlegare har Agnes vore forelesar i naturbasert reiseliv og bærekraftig reiseliv ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho har også vore forlagsredaktør i Skald forlag med ansvar for sal og presse, og vore redaktør for ulike bokprosjekt. Tidlegare har ho vore konstituert styrar ved Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand, samt ansvarleg for minneinnsamling til det same museet. Agnes har arbeidd mykje med formidling, både i reiselivsbransjen og undervisning.

Agnes har hovudfag i etnologi frå Universitetet i Oslo 2002. Hovudoppgåva handlar om reisene med dei første turistskipa til Noreg, slik dei vert skildra i tyske og engelske reiseskildringar frå 1800-talet. I analysen ser ho på dei ritualiserte handlingane som skipsturistane utførte i løpet av sjøreisa. Elles har Agnes tysk og historie i fagkretsen frå universiteta i Bergen, Oslo og Wien, Austerrike.

Publikasjonar:
Prosjekt: