Økonomisk vekst, klima og miljø

Foredrag
Id:
November 2020

Den viktigaste klimadiskusjonen som me gløymde, kom på att, gløymde igjen og kom på att no i vår.

Sidan 70-talet har me jamleg blitt åtvara mot klima- og miljøkonsekvensane av økonomisk vekst. Basert på sentrale prinsipp i fysikken og økologien har forskarar argumentert for at det er ei grense for veksten. Men kvar gong diskusjonen om å bremsa veksten har hamna på bordet, har me kome opp med argument for å legga den vekk. Framleis er økonomisk vekst det viktigaste målet for samfunnsutviklinga i dei aller fleste samfunn.

I dette føredraget snakkar Torbjørn Selseng, forskar ved Vestlandsforsking, om det han synest er aller mest interessant og aller mest frustrerande: Kva er grunnen til at stadig fleire forskarar meiner at økonomisk vekst ikkje let seg foreina med å løysa klima- og miljøproblema? Og kva har dette med Covid-19 å gjere?