Fra mål til mening til handling - Samproduksjon og implementering av FNs bærekraftsmål i regionalt og lokalt planarbeid

FOG logo

Prosjektet har som mål å utvikle eit rammeverk for implementering av FNs berekraftsmål i lokal og regional planlegging. For å nå målet om ei rettvis og berekraftig verd innan 2030, må dei 17 berekraftsmåla (FN17) omsettast til ulike lokale og regionale kontekstar. Det skal bli enklare ved hjelp av rammeverket som vert utvikla i prosjektet, ved at metodar og verktøy skal høve for ulike samanhengar og plantypar.

At planlegging skal bidra til berekraftig utvikling, står allereie i plan- og bygningslova. Likevel representerer FNs berekraftsmål ein ny måte å konkretisere innhaldet i berekraftomgrepet gjennom mål, delmål og indikatorar. Når prosjektet har utvikla metodikk som skal hjelpe til å innføre FN17 på lokalt og regionalt nivå, vil vi teste metodane i konkrete planprosessar og nytte erfaringane til å utarbeide tilrådingar for politikk.

Rammeverket vil vere basert på tidlegare erfaringar frå arbeidet med lokale og regionale handlingsplanar for berekraftig utvikling (Lokal og Regional Agenda A21) og utbytte frå arbeidsseminar i prosjektet der FN17 blir sett inn i den lokale og regionale samfunnsmessige samanhengen ved hjelp av scenario og indikatorar. Den nye kunnskapen skal integrerast i relevante studieprogram ved fire planutdanningar. Prosjektet skal også delta i den offentlege debatten om korleis Norge kan bidra til å nå berekraftmåla.

Nordlandsforsking leier samarbeidsprosjektet, og til saman deltar 23 partnarar frå akademia, offentleg forvaltning og sivilsamfunnet. Noregs forskingsråd finansierer prosjektet gjennom DEMOS-programmet og prosjektperioden er 2020-2023.

Sjå nettsidene til prosjektet her

Presentasjonar av prosjektet

Carlo Aall ved Vestlandsforsking leier arbeidspakke 1 i Field of goals. 2. juni 2020 var han invitert av Vestland fylkeskommune til å halde foredrag: Innspel frå Vestlandsforsking til Utviklingsplan for Vestland 2020-2024. (sjå lenke til videoopptak av høyringsmøtet til høgre på nettsida). Field of goals vart omtalt under det innlegget.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Norges forskningsråd
I samarbeid med:
Nordlandsforskning
Prosjektnummer:
6556
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Publikasjon(ar):